Hopp til innhold

To alvorleg skadd etter GHB-bruk

To personar er alvorleg, men ikkje livstrugande skadd etter å ha teke det narkotiske stoffet GHB i Haugesund natt til lørdag.

Til saman blei fire personar sende til Haugesund sjukehus med GHB-forgiftning. Ein person er moderat skadd, og ein er skrive ut.

Politiet opplyser at dei rykte ut til ein bustad i austre bydel like over midnatt, etter meldingar om bråk. Dei som er forgifta er i alderen 19-21 år.