Hopp til innhold

Tjuv stakk av med drosje

– Den er godt klistra så me skal nok finna den att, seier dagleg leiar i Haugaland taxi, Georg Hillestad.

Mellom klokka 04.00 og 04.40 blei ein drosje tilhøyrande Haugaland Taxi stolen frå ei adresse i Haugesund i natt. Ein svart Mercedes.

– Drosjeeigaren er på ferie, så tjuven har nok først teke nøklane, deretter bilen, fortel dagleg leiar i Haugaland taxi, Jostein Hillestad.

20 år sidan sist

Han fortel at bilen er godt klistra og vil vera enkel å få auge på.

– Den blei observert køyra sørover på Karmøy klokka 04.45, men då hadde dei teke av taxi-skiltet på taket, på dørene er det likevel store klistermerke, fortel Hillestad.

– Har du opplevd at nokon stel taxiane dykkar tidlegare?

– For litt meir enn 20 år sidan var det ein som stakk av med ein taxi, men då sveiv motoren og nøklane var i. At nokon stel ein drosje på denne måten er første gong eg opplever, seier han.

Taxiar på utkikk

Og det er det kanskje ein grunn til slår han fast, for han har ikkje tru på at tjuven blir ein Mercedes rikare etter tjuveriet i natt.

– Me har mange bilar ute som leitar nå. Så bilen blir nok funnen. Det einaste eg uroar meg for er kva stand bilen er i når me finn den, seier Hillestad.