Hopp til innhold

TIL SJUKEHUS ETTER ARBEIDSULUKKE:

Ein mann ligg på sjukehus etter ei arbeidsulukke på Raglamyr i Haugesund i ettermiddag. Mannen har falt ned to til tre meter og skada ryggen. Han var bevisst då han vart frakta til sjukehus, og politiet opplyser om at det truleg er snakk om lettare skader. Arbeidstilsynet er førebels ikkje kopla inn, men bedrifta den skadde jobba hos vil varsla arbeidstilsynet i morgon, seier Tore Frøyland Jensen, operasjonsleiar i politiet.