Hopp til innhold

– Eg blei så glad at eg ikkje kan beskriva det

Thea Sofie (11) frå Jørpeland er klar for finalen i MGPjr.

Thea Sofie

I dag kunne endeleg Thea Sofie fortelja til vennane sine at ho er ein av ti finalistar i årets MGPjr-finale i Oslo Spektrum 30. august.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det var rekordstor påmelding før årets MGPjr, og derfor var gleda ekstra stor for elleve år gamle Thea Sofie frå Jørpeland då ho fekk beskjed om at ho var ein av ti finalistar.

– Eg tenkte whao! Så blei eg så glad at eg ikkje kan beskriva det, seier ho til NRK.no same dag nyheita har blitt offisiell.

Thea Sofie er fødd inn i ein familie med mykje song og musikk. Både foreldre og sysken liker å synga og spela. Thea Sofie har sunge i kor sidan ho var fire. I tillegg til å spela både fiolin og handball er ho også aktiv i teatergruppa i kulturskulen. I songen «Jentekveld» syng ho om kor gøy det er med ein skikkeleg jentefest.

Ho gler seg til å framføra songen den 30. august i Oslo Spektrum.

– Det blir nok berre kjekt. Eg er jo litt nervøs, men det blir nok berre gøy, seier ho.

Presentasjon

Thea Sofie er 11 år, kjem frå Jørpeland og må alltid høyre på høy musikk i dusjen.