Hopp til innhold

Tatt på fersken i å røyke hasj

Politiet rykka i natt ut til ein bustad på Karmøy, etter klager på høg musikk. Då dei kom fram vart dei vitne til panikkarta utlufting.

Politibil - illustrasjon

Politipatruljen som rykka ut til Karmøy i natt møtte noko anna enn det dei hadde venta seg.

Foto: Illustrasjonsfoto

Klokka 01:30 i natt fekk politiet i Haugesund melding om høg musikk frå ein leilegheit på Karmøy.

Ein patrulje drog til staden for å dempe festen.

– Då patruljen kom fram blei vindauga sette på vidt gap, og ei panikkarta lufting starta, skriv politiet i ei pressemelding.

Inne i leilegheita var det lågt skydekke og eimen av hasjrøyk slo imot politiet.

Uønska merksemd

Det var åtte unge menn i leilegheita. Dei fleste var ikkje kjende for politiet frå før.

– Ved å forstyrre eit heilt nabolag med høg musikk hadde dei sjølv bedt om å få politiet på besøk samtidig som dei var i ein situasjon kor dei helst ikkje ynskja politiet si merksemd, står det i pressemeldinga.

Blir melde til politiet

Fem av mennene har innrømma røyking av hasj. Det bekrefta også urinprøvene. Dei blir melde til politiet for bruk av narkotika.

Det vart også gjort mindre beslag, og sakene vil bli følgde opp av Karmøy lensmannskontor.

Laster Twitter-innhold