Hopp til innhold

Tap mot 10 mann

HamKam fekk utvist ein spelar etter tre minutt.  Bryne skåra etter 16 minutt. Likevel blei det null poeng for Jærlaget.

Det gjekk hardt for seg på Briskeby onsdag kveld.   HamKam fekk eitt raudt kort og eitt gult før det var gått fem minutt av kampen.

Bryne tok sitt igjen i andre omgang då dei klarte å samla heile fire gule.

Men innsatsen var til inga nytte.  HamKam skåra i det 34. og det 36. minutt i første omgang og fleire mål blei det aldri.

0-1 til Bryne

Etter 16 minutter kommer en Bryne-spiller på et fint dribleraid, og spiller tunnell på to HamKam- spillere, før han legger ballen videre til Bjørn Ingvar Kydland, som plasserer ballen sikkert til side for Ivar Rønningen.

 

Bjørn Ingvar Kydland skåret Bryne sitt ene mål
Foto: Bryne FK

 

I andre omgang pressa Bryne, men HamKam var minst like så farlege på kontringar.  Eit av dei gule korta til Bryne kom då Ronny Espedal måtte halda Oluwasegun Abiodun i trøya, etter at han hadde rykka frå Bryneforsvaret.

Det var den same Abiodun som laga begge måla for HamKam

Femte plass

Bryne er nå på 5. plass på 1. divisjonstabellen, med like mange poeng (12) som FK Haugesund på plassen etter.

Gult kort for Bryne: Marius Helle, Ronny Espedal, Kai Ove Stokkeland og Jørn Hagen.