Hopp til innhold

Svanene for tunge til å fly

Svanene i Stavanger er blitt for feite.

Svaner i Stavanger sentrum

Mange svaner i Stavanger er blitt så feite at dei knapt klarer å letta.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Nå slår naturforvaltar i Stavanger kommune, Merete Landsgård, svane-alarm og ber folk gi mindre mat til dei kvite fuglane i Stavanger sentrum.

- Svaner er skapt for å søkja etter mat sjølve, men i Stavanger får dei servert maten rett i nebbet. Det er ikkje sunt, seier ho.

Klarer ikkje letta

Langsgård ser nå teikn på livsstilssjukdommar hos svanene i bybilde.

- Det første me legg merke til er at svanene blir veldig tunge. Det gjer at beina ikkje fungerer som normalt og svanene får problem med å fly.

- Alltid svoltne

For svaner som skal ut og sveva må vera friske. Med eit vengespenn på omlag to meter på vaksne svaner, er det mykje krefter som skal i sving.

- Svaner ser alltid svoltne ut og har ingen avgrensingar i kor mykje mat dei kan eta. Dei kan rett og slett ta inn mat til dei ikkje klarer å få dytta meir ned i halsen.

Naturleg føde best

Naturvorvaltaren ber derfor folk tenkja litt som dei gjer med ungar, neste gong dei tar fram loffbrødet i Vågen i Stavanger.

- Folk set ikkje fram godteriskåla heile veka. Det beste blir spart til laurdagen. Slik bør ein kanskje tenkja med svaner også, den naturlege føden er best.

PLEIER DU Å MATA SVANENE?

Flere nyheter fra Rogaland