Hopp til innhold

Suksess i Sahara

Ei norsk oppfinning kan vera ein naudbrems for den globale oppvarminga.

Biomembran i Sahara

Denne veka vart ein kvadratkilometer ørken i Sahara dekka med biomembran, som fungerer som sol- og fuktigheitskrem for jorda - og temperaturen i bakken vart redusert med 45 grader.

Biomembran fungerer som sol- og fuktigheitskrem for jorda. Eit heilt organisk pulver vert blanda med vatn og spreidd ut på bakken som eit tynt teppe.


Jo lysare det er, jo meir solvarme vert reflektert - og bakken blir kaldare. No har ein kvadratkilometer ørken i Sahara blitt dekka av eit tynt lag biomembran, og dei første målingane gjer at oppfinnar Torfinn Johnsen er meir optimist enn på lenge. Biomembranen reduserte temperaturen i bakken med heile 45 grader.

Gåsehud i ørkenen

Det blir fryktelig varmt midt på dagen i Sahara, utanfor testfeltet målte Johnsen ein bakketemperatur på 56 grader - i midten av det kvadratkilometer store kvite feltet var temperaturen 11 grader. Heile 85-87 grader av solenergien blir reflektert tilbake i testfeltet - mot normalt 15-17 prosent. Det var så Johnsen fekk gåsehud der ute i ørkenen.

- Eg føler meg trygg på at vi har noko her som kan påverka den globale klimautviklinga. Bruker vi stort nok areal kan biomembran redusera den globale oppvarminga. Snart har vi ikkje noko val, seier Johnsen.

Cicero senter for klimaforsking skal no gjera satellittmålingar for å dokumentera om biomembranen har ein klimaeffekt - og finna ut kor stort område som eventuelt må dekkast for å bremsa den globale oppvarminga. Resultata skal samlast i ein rapport, som vert presentert om nokre månader.

Bellona optimistisk

Rådgjevar i Bellona, Aage Stangeland, har lenge føld med på Johnsen sitt arbeid med biomembran og er svært optimistisk etter å ha fått dei første målingane. Han meiner målingane viser at det er fullt mogleg å redusere jorda sitt varmeopptak og slik redusera den globale oppvarminga.

Og bøndene i verdas varmaste strok har god grunn til å spreia biomembran på jordene sine. For det fungerer ikkje berre som solkrem for jorda. Det virkar også som ein fuktigheitskrem for jorda. For når temperaturen i bakken går ned, vert også fordampinga redusert og jorda held betre på vatnet. Denne effekten er dokumentert i forsøk både her heime og i Afrika. Dermed kan biomembran vera med på å løysa ikkje berre eit, men to av verdas store problem.

Les hva Bellona mener om forsøket

Stor interesse i USA

Søndag reiser Torfinn Johnsen igjen til USA, der han tidlegare har blitt tatt i mot med vidåpne armar både av forskarar, politikarar og byråkratar. Han har blant anna møtt avtroppande president George W. Bush sin klimarådgjevar og hatt møter på høgt nivå i både energi og miljødepartementa. Han har også innleia samarbeid med forskingsinstitusjonar i både Iowa og South Carolina. Etter planen blir den første kommersielle produksjonen av biomembran sett i gang i 2010, i South Carolina.