Sukker frå skogen blir ein del av menyen til kua

Sukker frå norsk tømmer blir framover ein viktig ingrediens i kraftfôret til kyr. Verdas første fabrikk som produserer tresukkeret blir reist i Ryfylke.

Nysgjerrig ku

Kyr i mjølkeproduksjon får i dag om lag 45 prosent kraftfôr og 55 prosent grovfôr. Litt fram i tid vil kraftfôret kunne innehalda meir sukker frå norsk barskog.

Foto: Dariusz Bruhnke

– I dag importerer norsk kraftfôrindustri rundt 70.000 tonn sukker frå utlandet. Dette kan snart erstattast med norskprodusert sukker frå skogen, seier marknadssjef Tommy Nordbø hos kraftfôrprodusenten Fiskå Mølle i Rogaland.

Kraftfôr er mat til husdyr som er spesielt utvikla for å dekka dyra sine næringsbehov. Fôret bidreg for eksempel til større mjølkeproduksjon for ei ku.

Ein viktig ingrediens er sukker.

Eller meir presist melasse frå sukkerrøyr og sukkerroe. Vanlegvis frå område som Latin-Amerika og Asia.

Det er dette sukkeret som nå skal produserast i Noreg – av norsk gran og furu. Verdas første fabrikk i sitt slag skal reisast hos Fiskå Mølle i Ryfylke.

Kraftfôr

Dette er ein vanleg type kraftfôr frå Fiskå Mølle i dag. På litt sikt vil denne typen dyrefôr til mjølkekyr og storfe innehalda sukker frå norsk tømmer.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Testa på mjølkekyr

Selskapet Norsk Skogsmelasse skal bygga fabrikken som kan stå klar om halvanna års tid. Fiskå Mølle er hovudeigar.

– Dette vil vera eit viktig steg i retning av ein meir berekraftig produksjon av kjøt og mjølk i Noreg, seier Nordbø i Fiskå Mølle.

Prosessen går enkelt forklart ut på å koka treflis under høgtrykk.

Då blir det utløyst ein reaksjon som gjer det mogleg å skilja ut sukkerstoff frå flisa. Resultatet blir ein seig sirup.

Melassen har 60–65 prosent sukkerinnhald og blir brukt i kraftfôret til drøvtyggarar.

Dyrematen er alt testa på mjølkekyr i Rogaland.

– Dyra responderer like godt på dette sukkeret som dei gjer på det importerte. Resultatet blir tilsvarande importen, seier Nordbø.

Tommy Nordbø

– Det er kjekt å bidra til verdiskaping lokalt, seier marknadssjef Tommy Nordbø hos Fiskå Mølle om den nye fabrikken som skal reisast på Fiskå i Ryfylke.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Landbruksministeren er positiv

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) synst prosjektet er interessant og spanande.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF)

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

– Heile poenget og verdien av å ha matproduksjon i Noreg ligg nettopp i å utnytta moglegheitene som ligg i norske naturressursar, seier Bollestad.

Ho synst det er ekstra gøy at fabrikken kjem i heimfylket Rogaland.

– Det vitnar om både initiativ og investeringsevne til å finna gode løysingar for eit framtidsretta landbruk.

Skognæringa jublar

Fabrikken kjem til å bruka nærare 200.000 kubikkmeter tømmer. Det blir den første nyetableringa på 40 år med eit så stort forbruk av massevirke i norsk industri.

Hugger skogen for tidlig

Fylkesskogmeister Stein Bomo hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Foto: Christen Egeland

AT Skog er blant dei største eigarane. Skogen vil bli henta frå Rogaland, Vestland, Agder og Telemark.

– Tidlegare har det blitt eksportert mykje tømmer ut av landet frå kysten vår. Med desse planane vil me auka verdiskapinga på råstoffet vårt. Dette er spennande og gledeleg, seier fylkesskogmeister Stein Bomo i Rogaland.

Reduserer klimagassar

Innovasjon Norge har bidratt med om lag 20 millionar kroner i tilskot til prosjektet.

Enova meiner denne typen treteknologi gir eit positivt bidrag til reduserte klimagassutslepp.

– Me har tru på at det er eit spreiingspotensial for teknologien. Det blir spennande å følgja det vidare arbeidet, seier seniorrådgivar Ståle Kvernrød i Enova.

Endeleg vedtak om bygging er venta i løpet av eit halvår. Så er det rekna eitt års byggetid.

Fabrikken på Fiskå vil også gi ti nye arbeidsplassar lokalt.

Flere nyheter fra Rogaland