Hopp til innhold

Streiken trappast opp

Streiken i Norsk Sjøoffiserforbund blir trappa opp frå og med laurdag. Flaggruten som går mellom Stavanger og Haugesund blir ramma. Også pendlarruta mellom Stavanger og Jørpeland vert råka.

Flaggruten går frå Stavanger til Bergen
Foto: Christian Fougner / Scanpix

Flaggruten går mellom Stavanger via Haugesund til Bergen og har ennå ikkje blitt tatt ut i streiken. Frå laurdag av blir hurtigbåten M/S Vingtor tatt ut av drift, og berre to av hurtigbåtane til Flaggruten kjem til å gå som normalt.

Vingtor går også i pendlarruta mellom Stavanger og Jørpeland på ettermiddagen. Dermed vert også denne ruta råka.

Frå før av er ei ferja i sambandet Mortavika - Arsvågen og ei ferja i sambandet Tau - Stavanger tatt ut av drift.

Urimeleg

Tor Marlow Barka i Strand pendlarforum er lite glad for opptrappinga. Han meiner det er urimeleg at Strandalandet skal råkast hardare. På kvardagane vert det ingen avgangar frå Stavanger verken med båt eller ferje mellom 15.15 og 16.35. Barka meiner sjøoffisersforbundet kunne ha spreidd konsekvensane av streiken litt meir.

Norsk Sjøoffiserforbund er i forhandlinger om årets lønsoppgjer med Rederienes Landsforening. Dei har streika sidan laurdag fordi dei ikkje er nøgde med den løna dei har fått til no.

Flere nyheter fra Rogaland