Hopp til innhold

Største barnepornosaka i Rogaland

Ein mann frå Lund er tiltalt for å ha 350 000 bilete og 200 videofiler med overgrep mot barn. Dette er den største barnepornosaka i Rogaland nokon sinne.

Erik W. Rand
Foto: Karoline Kalstveit / NRK

Ein 33-åring frå Lund er tiltalt for å ha 350 000 bilete av overgrep mot barn, i tillegg til å ha kjøpt barneporno frå over 49 nettstadar mellom 2001 og 2003. Mannen blei avslørt i 2004 etter å ha kjøpt barneporno over Internett.

- Eg kjenner ikkje til ei sak med så stort omfang i norsk rettspraksis, fortel politiadvokat Erik W. Rand.

Operasjon Enea 

Rand fortel at den no 33 år gamle mannen blei avslørt under Operasjon Enea i 2004. Då amerikansk politi, FBI, fekk tilgang til eit kunderegister som tilhøyrte ein stor barnepornoleverandør, kom det fram at Lund-mannen var ein av kundane. Sidan blei det gjort store beslag heime hjå mannen.

- Sjølve filsamlinga er den største som eg kjenner til. Den nest største eg veit om av rettspraksis hadde rundt 75 000 bilete, seier Rand.

Men Lund-mannen er altså tiltalt for å ha hatt 350 000 bilete av overgrep mot barn, i tillegg til filmar og kjøp av barneporno frå minst 49 nettstadar. Sjølve rettssaka startar i Dalane tingrett 5. juli.

- Strafferamma er inntil tre års fengsel. Personar som har ein samling av noko omfang risikerer fengsel utan vilkår, seier Rand.

Erkjent straffskuld

- Denne mannen har erkjent straffskuld for det han er tiltalt for. Det det vil bli spørsmål om i saka vil først og fremst vera omfanget,  seier Asbjørn Stokkeland. Han er advokaten til den tiltalte.

Tiltalte erkjenner straffskuld men advokaten hans meiner tiltalen er overdriven.

- Det høyrest voldsomt ut. Mange av desse bileta er relativt uskuldige bilete, i den grad ein kan bruka eit sånt ord om ei slik sak, seier Stokkeland.