Hopp til innhold

Store forventningar i Stavanger

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire fotballekspertar spår at Viking vil vera med å kjempa heilt i toppen av årets tippeliga. Også spelarane lovar å gjera det betre enn i fjor.

Lørdag går startskotet for Viking i eliteserien 2011. Då kjem Vålerenga til oljebyen som for tida osar av forventningar til fotballaget sitt.

– Brei stall

– I 1991 vann Viking gull i serien, i 2001 vann dei cupen, så viss dette går i ein ti gange er vel 2011 året Viking skal gjenerobra seriegullet, seier Gisle Oseberg som er driftssjef i Viking.

  • Korleis trur du Viking vil greia seg i eliteserien 2011? Sei meininga di nedst i artikkelen.

Han og mange fleire rundt klubben er svært optimistiske til årets sesong.

Jørgen Tengesdal som tidlegare har spelt i klubben, og som er NRK Rogaland sin fotballekspert seier at grunnen til optimismen er den breie stallen laget har:

– Dei fleste laga i eliteserien har måtta slanka stallen, Viking har ivareteke ein god og brei stall, seier han.

Viking 2011

Under lagfotograferinga til Viking. Dette er stallen slik den ser ut før 2011 sesongen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Gullkamp

Han spår at Viking vil vera med å kjempa om gullet i årets sesong, noko han ikkje er aleine om.

Arne Scheie spår at Viking vil hamna på tredje plass, medan Jo Nesbø trur at Viking vil stikka av med sølvet, i det dei trur vil vera ein Spår rekordjamn eliteserie .

– Me har også høge forventningar, men eg vil ikkje lova noko seriegull, seier Vikingspelar Andre Danielsen, som legg til at dei likevel skal klara seg betre enn niande plassen i fjor.

For fjorårets sesong var ein stor nedtur for Viking, dei hamna mellom anna under rivalen FK Haugesund, som hamna på sjette plass

Viking FKH

Vikingspelar fortvilar etter kampslutt og 4-0 tap for Hugesund i eliteseriekampen i fotball. Haugesunds supportarar i Måkeberget jublar i bakgrunnen. Biletet illustrerar korleis sesongen 2010 utspelte seg for rogalandslaga i eliteserien.

Foto: Ness, Jan Kåre / SCANPIX

Må forsvara maratontabellen

For Viking vil det også vera viktig å prestera i årets serie viss dei framleis vil toppa maratontabellen.

Det er nemleg Viking som har samla inn mest poeng i eliteserien i etterkrigstida. Men i år kan Rosenborg gå forbi:

I generalprøva før 2011 sesongen viste likevel Viking krefter og slo Rosenborg . Så vil det visa seg kva dei klarar å få til når det verkeleg gjeld.

Viking - Vålerenga blir spelt klokka 16.00 på laurdag på Viking stadion.