Hopp til innhold

Uro blant tilsette i Nordsjøen

Statsministeren besøkte i dag Sleipner for å seie at det ikkje er noko spesifikk trussel mot norsk olje- og gassektor.

Statsminister Jonas Gahr Støre og Sandra Riise Angen ute på Sleipner Alfa.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg føler ikkje styresmaktene har teke sikkerheita på alvor før no, seier Hans Arne Tvedt.

Han har jobba offshore i over 30 år, og seier at det er fleire tilsette som er urolege no.

Hans Arne Tvedt, arbeider på Equinor.

Hans Arne Tvedt meiner dei tilsette burde få meir informasjon frå selskapet og styresmaktene.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Statsminister Jonas Gahr Støre seier dei skal vere trygge på at dei har full oppmerksemd på tryggleiken.

Støre gjentok at det ikkje er konkrete trugsmål mot norsk sokkel, men at det er naturleg å auke beredskapen etter gasslekkasjar i Østersjøen og fleire droneobservasjonar ved petroleumsinstallasjonar offshore.

Hadde allmøte for tilsette

Saman med konsernsjef i Equinor, Anders Opedal, snakka han til dei tilsette på eit allmøte.

– Mange føler ein uro for den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa. Vi lever ikkje berre i ein kald krig, det er ein varm krig, sa Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) snakker til dei tilsette på Sleipner i Nordsjøen

Statsminister Jonas Gahr Støre snakka på allmøte på Sleipner i dag.

Foto: Marte Skodje / NRK

Sjølv om statsministeren no besøker Nordsjøen, meiner ikkje alle at styresmaktene har vore raske nok.

– Me har fått beskjed av plattformsjefen at om nokon ser ein drone, skal me melda det til han, så skal han melda det vidare. Er det tryggleik? Nei, seier Tvedt.

– Uro er det rette ordet å bruke

Richard Falch er hovudverneombod og prosessteknikar og har jobba i oljebransjen sidan 1986.

– Det er klart at det er ein del uro, seier han.

Han seier det er første gong dei opplever at sikkerheitsnivået blir teke tak i.

Hovedverneombud hos Equinor Richard Falch.

Richard Falch har fleire tiårs erfaring i oljebransjen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Så har me ein familie heime som er bekymra for oss her ute. Dei veit at me har ein arbeidsplass med høg risiko i seg sjølv, fortel Falch.

Tek situasjonen på største alvor

Konsernsjef Anders Opedal forstår at mange tilsette opplever uro, både på vegner av seg sjølv og familiane heime.

– Derfor er det viktig at statsministeren viser at norske styresmakter tek dette på største alvor, seier konsernsjefen.

Elektrikarlærlingen Sandra Riise Angen føler seg trygg på jobb. Men seier det går fint etter at plattformsjefen har gitt mykje informasjon.

– Eg kjente på det i byrjinga, då folk snakka om droneobservasjonar, fortel ho.

Ho synest det var stas at statsministeren tok turen.

Sandra Riise Angen, elektrolærling

Sandra Riise Angen er meir årvaken når ho er ute på plattforma.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Støre ville takke

Statsministeren seier han er stolt av de som jobbar i næringa som er viktig for energi i Europa. Han reiste ut til Sleipner i dag for å visa at han set pris på dei som jobbar der.

– Dette er eit stolt kapittel som bygger på ein lang tradisjon grundig arbeid. Det er ikkje berre vi som er opptatte av det som skjer her, men Europa og ei heil verd, sa han til dei tilsette.

Han understrekar at dei ikkje har informasjon om at det er nokon spesifikk trussel mot norsk sokkel. Men dei har likevel trappa opp beredskapen.

– Eg er glad for at forsvaret er synleg. Kystvakta patruljerer, vi har fly, og vi har òg merksemd frå våre allierte.

Støre ville takka dei tilsette for jobben dei gjer.

– Tryggleiken deira er det viktigaste for oss. Vi har ikkje nokon informasjon om at det er ein trussel, men vi tar jo situasjonen i Europa på alvor.

Flere nyheter fra Rogaland