Hopp til innhold

Stiller med 300 tilsette i Nordsjørittet!

Sykling har verkeleg slått an i Halliburton-konsernet. I fjor var det 20 tilsette som deltok. I år blir det 300!

Halliburton stiller med 300 ansatte i Nordsjørittet
Foto: John Gunnar Skien / NRK

Halliburton er dermed den bedrifta som stiller med det største laget av alle 13. juni.

Forskinga viser at det svarer seg

Satsing på forebyggande helsetiltak er god butikk, i følge Eriksen. - For kvar krone bedrifta bruker, får me igjen 3-4 kroner. Det viser forsking frå USA.
Folk blir friskare og då yter dei meir. Dessutan går sjukefråværet ned.

Alternativ til finanskrise

Finanskrisa har ramma Halliburton også. Men Nordsjørittet gir folk anna å tenka på.

– Nå er faktisk folk meir opptatte av puls og trening enn av faren for mista jobben, hevdar Eriksen som også er sykkelgeneral i selskapet.

Han bruker store delar av arbeidstida si på å organisera det heile. For korleis skal 300 syklar fraktast til Egersund? Og korleis skal deltakarane komma seg til sørfylket?

Sykkelgeneral Jan Erik Eriksen
Foto: John Gunnar Skien / NRK

Skrekkblanda fryd

Logistikk er nå ein ting, det skal syklast og. Deltakarane i bedrifta trener godt for å klara å gjennomføra dei rundt ni mila på sykkelsetet.

Sigve Røsvik skal sykla frå Egersund til Sandnes for første gong, men gleder han seg?

– Skrekkblanda fryd! Men eg håper det går bra, ler Røsvik.

Halliburton har drøyt 1800 tilsette i Skandinavia. Rundt 20 prosent av desse skal altså Nordsjørittet.


Flere nyheter fra Rogaland