NRK Meny
Normal

Stenger Auglendstunnelen på kveldstid

I kveld startar arbeidet med å skifta ut lysa i taket i det nordgåande løpet i tunnelen nærast Stavanger på motorvegen.

– Frå i kveld stenger vi tunnelen på E39 Auglendshøyden i retning mot Stavanger. Tunnelen blir stengt mellom klokka 21:00 og 06:00, fortel prosjektleiar Eivind Stangeland i Statens vegvesen.

Årsaka er at vegvesnet for tida skifter ut lysa i tunnelane på E39 Auglendshøyden fordi dei er gamle og defekte. Lysa er på plass i tunnelen mot Sandnes, og i kveld startar arbeidet i tunnelen mot Stavanger.

Tunnelen blir stengt kvar natt ei tid framover. Heile døgnet er farten i tunnelen sett ned fordi den er mørklagd.

– Tunnelen i retning mot Sandnes har fått nye lys i taket og blir open igjen om natta når vi stenger tunnelen mot Stavanger. Men det tar nokre dagar før vi kan skru på lysa, så den blir mørk og med nedsett fartsgrense ei lita stund til, forklarer Stangeland.

Omkøyring blir skilta via fylkesveg 395 Madlaveien, fylkesveg 390 Kristine Bonnevies veg og fylkesveg 402 Ullandhaugveien.