Hopp til innhold

Nå skal byfolk få sjå stjernene – men først må lyset sløkkast

Snart kan stjernene over Ullandhaugtårnet i Stavanger skina endå klarare. Politikarane vil nemleg ha eit eige «stjernereservat».

– Det er så mange lyskjelder som forstyrrar i moderne byar. Målet vårt er å finna eit mørklagt område der folk kan nyta nattehimmelen, seier Jan Erik Søndeland frå Venstre.

Me omgir oss med meir lys enn før, noko som både påverkar oss menneske, men også dyr og insekt.

Og ikkje minst. Stjernene blir mindre synlege på nattehimmelen.

Nettopp derfor vil venstrepolitikaren gjera Stavanger til ein nasjonal føregangsby mot lysforureining. Han har fått det politiske fleirtalet med seg.

– Ofte heilt umogleg for byfolk

Planen er mellom anna eit geografisk avgrensa område der elektrisk lys blir slått av, dempa og vinkla om. Eit «stjernereservat».

Jan Erik Søndeland

Jan Erik Søndeland (V) meiner Sørmarka nedanfor Ullandhaugtårnet vil vera eit flott «stjernereservat».

Foto: Mathias Oppedal

– Eg trur byar i heile verda kan la seg inspirera av dette. Byar som tar dette på alvor vil bli trivelegare og betre å bu i, seier Helga Iselin Wåseth.

Ho er stipendiat innan lysdesign ved Universitetet i Søraust-Noreg, og ho er styremedlem i organisasjonen Bevar Mørket som kjemper for å ta nattehimmelen tilbake.

Wåseth applauderer også planen om eit eige stjernereservat.

– Det er ein strålande idé med ein eigen stad der ein kan oppleve stjernehimmelen. Dessverre er det ofte heilt umogleg å oppleva dette for oss byfolk i dag, seier Wåseth.

Mange blir forstyrra

Søndeland meiner lysforureininga er eit miljøproblem som har blitt tatt for lite på alvor.

Slik forureining kan skje viss lys blir installert eller blir vinkla feil, eller viss dei lyser for kraftig.

– Både insekt, dyr, plantar og menneske blir forstyrra av lys som står på til alle døgnets tider. Dette er både eit problem for økologien i naturen og ein helserisiko for oss menneske, seier politikaren.

Langsiktig arbeid

Forslaget om eit stjernereservat kom frå Rune Askeland frå Miljøpartiet Dei Grøne. Dette er berre eit av tiltaka som er under planlegging.

Oljebyen skal få ein overordna plan for lysbruk på både offentlege og private stader. Lystiltak skal også vurderast i byggesaker.

– Dette blir eit langsiktig arbeid. Me skal ta i bruk nye teknologiske løysingar, seier Søndeland.

Han legg til at dette også handlar om å spara energi og pengar.

Med mykje lys i byen, er det vanskelegare å sjå stjernene.

Ofte umogleg for byfolk

– Dette er eit aukande problem. Me har kome til eit punkt der det må takast eit krafttak for å stansa utviklinga, seier Wåseth som jobbar med ein doktorgrad om lysforureining.

Helga Iselin Wåseth

Helga Iselin Wåseth blei svært glad då ho høyrde om planane til Stavanger.

Foto: Marit Sommervold

Ho gler seg over at Stavanger nå går i front, og ho håper andre byar vil følgja etter.

Det er førebels ikkje planlagt om Stavanger skal få eitt eller fleire stjernereservat. Men Jan Erik Søndeland har sine tankar om kor det kan ligga.

-Kanskje me kan få det til i Sørmarka nedanfor Ullandhaugtårnet? Staden ligg sentralt i Stavanger, men med litt endring av lyskjelder trur Søndeland det kan vera ein egna stad.