– Me ønsker å visa innbyggarane at me har lyst til å spara energi.
Det seier Tor-Arne Fjogstad, energiingeniør i Stavanger kommune.
– I denne tida må me verkeleg skru igjen kranane der dei lekker, seier han.
Tor-Arne Fjogstad håper dette gir innbyggarane lyst til å spara meir energi.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKByter lyspærer
Stavanger kommune har 27.000 gatelys. Så langt har over halvparten av gatelysa fått nye lyspærer for å få ned straumrekninga.
– Me halverer straumforbruket på alle kommunale gater berre på gatelys, fortel Eirin J. Berg.
Ho er rådgjevar for belysning i Stavanger kommune, og fortel at dei har sett tydeleg forskjell på straumforbruket.
Eirin J. Berg fortel at dei byter ut gamle lyspærer med LED-pærer.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK– Det har gått ned etter kvart som me har bytta ut med LED, seier ho.
Skrur av lysa på natta
Kommunen har kvar veke møte kor dei diskuterer straumsparetiltak.
– Me skal slå av eller dimma ned kraftig på kommunale vegar på natta, fortel rådgjevaren.
Dette skjer når det er lite trafikk og få folk ute.
Fleire tusen av lyktestolpane i Stavanger kommune får nå LED-pærer.
Foto: Odin Omland / NRK– Det blir primært på turvegar og turområde som blir slått av først, fortel Berg.
Reguleringa skjer i tett dialog med politiet med tanke på sikkerheit.
– Det manglar noko
Innbyggarane i Stavanger synest det er trist at fontena er skrudd av.
– Det er rart å gå her utan at ho er på, seier Monica Haga.
– Det er synd, men eg skjøner grunnen, fortel Joakim Gunnar.
Men dei forstår at kommunen òg må spara straum.
For energiingeniør Fjogstad er det å skru av fontena helst symbolsk, men han meiner at alle moner dreg.
– Gjerne triggar dette andre til òg å spara energi, seier han.
Dette er eit syn besøkande og bebuarar i Stavanger ikkje får sjå på ei stund.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK