Over 40 katalysatorar har i løpet av natta blitt stolne frå bilopphoggingsfirmaet Knoksen i Sandnes.
Bildelen inneheld metall som er svært verdifulle, og dagleg leiar ved Knoksen, Geir Sveinsvoll, anslår at verdiar for over 16.000 kroner er borte.
Han fortel at slike innbrot er vanlege i bransjen og at tjuvane er svært godt organiserte.
– Bilopphoggingsfirma både i Norge og Sverige har den siste tida opplevd at katalysatorar har blitt stolne. Dei inneheld edelmetall som er svært verdifulle, seier Sveinsvoll ved Knoksen.
Han fortel at ein enkelt katalysator har ein verdi på over 400 kroner.
Hell i uhell
Knoksen hadde i førre veke levert frå seg over 2000 katalysatorar, og Sveinsvoll priser seg difor lykkeleg over at det var få katalysatorar på lageret i natt.
– Kjem dei til rett tid så kan store verdiar gå tapt. Me har jo tusenvis av biler her, så det blir mange katalysatorar. Og dei er ein viktig del av inntektskjelda vår, seier Sveinsvoll.
Dette er andre gongen Knoksen har hatt innbrot. No vil dei sikre lokala betre for å unngå at det skjer igjen.
– Me har overvaking, men no må me sikre lokala endå betre enn det me har gjort før, avrundar Sveinsvoll.