Hopp til innhold

Var nær med å ta sitt eige liv på grunn av foreldra si krangling

Ein 21-åring frå Rogaland har kjent på kroppen korleis det er å vera barn av foreldre som ikkje blir samde om barnefordelinga. Berre i fjor var over 2500 foreldrepar i retten med barnesaker og trenden er aukande.

Video Hamna midt i foreldrekrangel

Eit offer for foreldrekrangling fortel historien sin. (Foto: Anders Fehn)

– Foreldre må tenka seg godt om før dei byrjar å krangla om ungane sine, seier 21-åringen.

Han var 12 år då foreldra gjekk frå kvarandre, og i snart ti år har han levd med kranglar, rettssaker og foreldre som har gjort alt for å bakvaska kvarandre. Som eldst i ein syskenflokk på fem følte han også at han hadde eit ekstra ansvar om å skjerma dei yngre syskena sine. Han håper at ingen andre skal måtta oppleva ein liknande oppvekst.

Men å hamna i ein slik krangel er han ikkje aleine om, fleire og fleire barn opplever det same.

Det er ei stor påkjenning for barn å oppleva at det er fiendskap mellom dei to personene som er aller viktigast for dei, nemleg foreldra.

Kari Sjo, Familievernkontoret i Stavanger

Blir ikkje samde

I Norge vil 20.000 ungar i år oppleva at mor og far flyttar frå kvarandre. I dei fleste tilfelle skjer dette på ein måte der foreldra saman blir samde om kven som skal ha foreldreansvaret, kor ungane skal bu fast og kor mykje dei skal vera saman med kvar av foreldra.

Likevel viser tal frå domstolane at ei ny trend er i ferd med å utvikla seg. Foreldra blir sjeldnare samde om ungane og drar barnekranglinga inn i retten.

Berre dei siste åra har det blitt om lag 430 fleire saker i tingretten der det er krav avgjersle etter barnelova.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Eit sant helvete

For rogalendingen NRK har snakka med har foreldra sitt brot med kvarandre og den etterfølgjande kranglinga vore ei stor påkjenning. Han var tolv år då kampane mellom foreldra byrja i 2001:

– Det var eit sant helvete. Dei krangla om alt som handla om oss ungar, ikkje minst kor me skulle vera til alle døgnets tider.

Han kan fortelja at kranglinga også kunne gjera foreldra utslitne, noko som resulterte i at han fleire gonger før han var seksten fekk ansvaret for å drifta heile garden som dei budde på.

I retten blei det avgjort at han kunne få vera hos faren sin, men kranglinga foreldra mellom enda ikkje der. 21-åringen har fleire yngre sysken han har måtta skåna for kranglinga, og nokre gonger har han tatt igjen:

– Eg har blitt så sint på mor og far at eg har sagt ting eg kan angra på i månadar etterpå.

– Men er det din feil at du blir sint og seier desse tinga?

– Nokon gonger er det, mens andre gonger er det ikkje det.

– Forferdeleg

Mor til rogalendingen synest det er svært trist at dette har gått så hardt ut over den eldste sonen.

– Det er heilt forferdeleg. Eg sa ein gong til han at han måtte forstå at dette var vondt for meg. 'Kva trur du ikkje det er for meg' svara han då, seier mora.

Faren er også lei seg for at konfliktane mellom vaksne går ut over ein uskuldig tredje part:

– Me har prøvd så godt me kan å skåna barna våre, men det har ikkje vore lett. Før eller seinare kjem du til eit punkt der du ikkje klarar å skjula kranglinga, og det er jo sjølvsagt svært beklageleg.

Han seier at han godt kan forstå at sonen som den eldste i ein syskenflokk på fem har følt at han har måtta passa litt på dei andre.

Omsorgssvikt

Før foreldre kan møta i retten må dei gjennom ein obligatorisk meklingstime ved familievernkontor over heile landet.

På Familievernkontoret i Stavanger har psykolog Astrid Råseberg og sosionom Kari Sjo sett på kva det er som gjer det vanskeleg for foreldra å bli samde om barna sitt beste, og kva som ligg bak konfliktane.

Saman har dei har dei laga ein studie der dei har intervjua 20 foreldrepar som har vore inne til mekling, og konfliktnivået har vore høgt. Heile meklingsprosessen blei grundig kartlagd, og dei har gjennom sitt arbeid kome fram til fleire viktige konklusjonar. Mellom anna om kva eit høgt konfliktnivå mellom foreldre kan ha å seia for ungane:

– Dette vil ofte bety omsorgssvikt for barnet. Konflikt er slitande for både foreldra og barna, og det er ei stor påkjenning for barn å oppleva at det er fiendskap mellom dei to personane som er aller viktigast for dei, nemleg foreldra, seier Kari Sjo meklingsansvarleg ved Familievernkontoret i Stavanger.

Saker med krav om avgjersle etter barnelova:

Saker med krav om avgjersle etter barnelova i tingretten

År

Saker i tingretten

2008

2256

2009

2439

2010

2690

2011 (t.o.m. 03.05)

910

Saker etter barnelova. (Kjelde Domstolenes saksbehandlingsssystem Lovisa)

Barn i lojalitetskonflikt

Av dei 20 foreldrepara som var med i undersøkinga hamna fem i retten. Konflikten i desse sakene handla berre om kor ungane skulle bu.

– Gjennom studien fann me likevel at konfliktane om bustad, flytting, samværsordning og foreldreansvar langt på veg kan løysast ved bruk av tid og ved å gå grundigare inn i kva som eigentleg ligg bak konflikten, seier Sjo.

På Familievernkontora intervjuar dei også ungar som hamnar opp i desse konfliktane. Dei kan høyre barn over sju år om foreldra er samde og om barnet er villig.

Kva er inntrykket dykkar om korleis barn opplever konfliktane?

Me har ofte opplevd barn i stor lojalitetskonflikt, og at dei er varsame med kva dei vågar å seia til foreldra. Somme gonger løyser dei lojalitetskonflikten ved å seia ulike ting til kvar av foreldra. Små born kan verte skremde av kranglinga og dei kan få med seg svært mykje av den dårlege stemninga. Generelt vil type reaksjonar variere med kva alder borna er i, seier ho.

Barnefordeling

Det oppstår ofte konflikt mellom foreldra om kva for ein skule barnet skal byrja på.

Foto: colourbox.com

– Pengar, sjalusi og likestilling

I Egersund har Familiekontoret på Jæren og Dalane eit stort press på meklingar, og dei merkar godt auken i saker der foreldre i krangel om barn.

– Først og fremst er det viktig å seia at 70 % av alle parforhold varar livet ut, men det dei kranglar om er kva som er barnets beste og kor barnet skal vera, seier leiar på Familiekontoret på Jæren og Dalane Jon Aarsland.

Han seier likevel at det somme gonger kan ligga andre meir skjulte motiv bak å gå inn i krangelen:

– Nokon tenker jo at det er pengar å henta i at barnet bur meir sjå dei, sidan dette førar til meir barnebidrag, For andre kan kampen vera tufta på at ein er bitter for måten forholdet slutta på, så bruker ein barna til å stikka den andre med.

At konflikten endar i retten for fleire ser han på som ei trend som har å gjera med at far har kome meir på banen. Nå ser fedrane ofte på det på det som rett og rimeleg at han skal få vera med barna sine:

– Du skal ikkje gå mange år tilbake før det var far som mista kontakt med ungane etter samlivsbrot, men heldigvis har dette endra seg med at far har fått fleire rettar og ikkje gjer opp like lett. Me opplever at kvinner kan ha eit gamaldags syn på dette og meina at far ikkje er ein like god omsorgsperson, seier Aarsland.

Kunne gått gale

Syskena til 21-åringen bur hos mor og litt hos far, medan løysinga for 21-åringen blei å bu hos far. Han går nå på skule i Ryfylke og er mindre heime enn tidlegare.

Sjølv om det går bra med han nå har ein oppvekst midt i mellom krangelen til to vaksne sett djupe spor i og han har ein klar bodskap til alle foreldre:

– For det første må foreldra slutta å gå på kvarandre, og i alle fall medan ungane er der og høyrer på. For viss det skjer får du ungar som får problem seinare i livet.

– Korleis har dette prega deg?

– Det har prega meg såpass sterkt at hadde det ikkje vore for to personar som hjelpte meg ein dag for nokre år sidan hadde eg nok ikkje vore her i dag.

Han fortel at på grunn av alt som skjedde mellom foreldra var det ei stund så gale at han ville sitt eige liv. Han meiner det er viktig at foreldre er klar over korleis barn kan oppleva kranglinga.