Hopp til innhold

Skitne knep i kampen om barna

– Rettsvesenet er for naive og lar seg manipulera av foreldre i barnefordelingssaker, meiner tidlegare advokat i denne type saker, Grethe Nordhelle.

Far og sønn

Mange foreldre brukar skitne knep for å vinna omsorgsretten over barna sine, ifølgje psykolog. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

Når foreldre skil lag og hamnar i rettssak om kven som skal ha omsorgsretten for barnet hender det at foreldra brukar skitne knep.

Grethe Nordhelle har femten års erfaring som advokat og nesten like mange som psykolog. Ho seier at ho har sett fleire døme på dette opp gjennom åra, og at det får for lite merksemd:

Farlegast med sakkyndige

– Dei gjer fleire strategiske ting som førar til at folka rundt dei seier; du verden, så sympatisk person dette er.

Ho meiner det farlegaste er når sakkyndige psykologar lar seg påverka av far eller mor sin falske opptreden. Deira konklusjon i retten kan vera påverka av manipulasjonen, og det kan bli teke ei avgjersle som ikkje er til barnets beste.

– Derfor meiner eg at sakkyndige ikkje bør koma med konklusjonar i retten, sidan dommarane ofte lenar seg alt for mykje på desse, seier Nordhelle.

Kjenner til saker

Sjølv om 90 prosent av barnefordelingssaker løyser seg utan å hamna i retten, er dei ti prosentane som hamner der vanskelege for dommarane. I Stavanger tingrett utgjer barnefordelingssaker 20 prosent av alle sivile rettssaker.

John Høyland er sorenskrivar tilknytt Stavanger tingrett og er dommar i barnefordelingssaker, han innrømmer at tilliten til dei sakkyndige psykologane i nokre tilfeller kan vera for stor.

– Eg vil tru at også eg av og til kan vera eit offer for å ha for stor tiltru til dei sakkyndige. Det finnes døme på at det har blitt tatt avgjersler som ikkje har vore til barnets beste på grunn av dette, men korleis det skal bli unngått har eg vanskar med å sjå, seier Høyland.

Ingen fasit

Nordhelle påpeiker at det ikkje berre er sakkyndige utspekulerte foreldre prøvar å manipulera ved å spela på kjenslene deira:

– Barna sjølv, dei tilsette på skule eller barnehagen og barnevernet, dersom dei er involvert, er alle partar som ei mor eller ein far kan bruka for å få folk på si side i saka.

Men heller ikkje Nordhelle har ein fasit på korleis ein kan oppdaga manipulasjon, men meiner at auka merksemd rundt emnet er eit steg i riktig retning.