Hopp til innhold

Klar for å servera ny cupbombe mot Viking

– Nå blir det ein ny folkefest på Jørpeland, seier trenaren for Staal Hallgeir Hinna. Han er svært glad over nyheiten om at dei skal spela mot Viking i andre runde av cupen og utelukkar ikkje at dei serverar nok ei cupbombe.

Staal Jørpeland

Staal-jubel etter å ha scora 1 - 0 målet mot Bryne. Dei vann kampen 2 - 1 i det som blei den første cupbomba i år.

Foto: Gaute Henriksen / Strandbuen

Tredje divisjonslaget Staal Jørpeland slo ut Bryne i første runde av cupen søndag. Etter kampen sa Staal-trenar Hallgeir Hinna at dei ønska seg Viking i andre runde. Det ønske er nå innfridd.

«Viking-land»

– Det var veldig kjekke nyheiter, seier Hinna.

Han ser fram til å måla krefter mot tippeligalaget neste torsdag. Særleg spesielt er det at Jørpeland ligg mitt i «Viking-land» seier han:

– Viking er jo flagskipet her i Rogaland. Når du då får måla krefter mot dei i ein kamp som verkeleg betyr noko så vil eg jo sei at det er det me trenar og lever for.

Kan koma nok ei bombe

Og trenaren lovar motstand:

– Me er eit godt fotballag som har stor tru på eigne ferdigheitar. Mellom seks og åtte neste torsdag er det ein moglegheit, og den må me ta vare på, seier Hinna til NRK.no.

Dermed utelukkar ikkje trenaren at dei skal stå for nok ei cupbombe i årets NM.

Slik blir 2. runde av NM for rogalandslaga:

11/5 kl. 18.00:

  • Randaberg - Flekkerøy
  • Sandnes Ulf - Vidar
  • Bjarg - FK Haugesund

12/5 kl 18.00:

  • Staal Jørpeland - Viking