– Dette var heilt utruleg kjekt, seier trenar for Staal Jørpeland Hallgeir Hinna.
– Me vinn fortent
Sjølv om laget, som spelar i tredje divisjon, slo ut serieleiaren førstedivisjon vil trenaren ikkje kalla dette ei bombe:
– Me hadde trua på at me skulle vinna og i første omgang er me klart betre enn Bryne. Me vinn fortent, seier Hinna til NRK.no.
At Staal var det beste laget er Bryne trenar Tommy Bergersen eineg i. Han er skuffa over tapet og at Bryne er det einaste laget frå førstedivisjon som rauk ut etter første runde:
– Det er utruleg kjekt å spela cup, men me må nok berre bita det i oss og innsjå at Bryne ikkje blir cupmeistrar i år, seier Bergersen.
Han seier at Staal Jørpeland var betre førebudde på kampen enn det Bryne var.
– Dette var ein dårleg dag på jobb for oss.
Tidleg i leiinga
Det gjekk tidleg vegen for Staal under kampen 1. mai. Etter berre tre minutt sette Sindre Fjelde inn 1 - 0 målet ved å heada inn eit hjørnespark.
Dette var starten på det som skulle bli Bryne sitt farvel med NM 2011.
35 minutt seinare var det Arne Dalehaug som sette inn 2 - 0 scoringa. På overtid får Bryne eit trøstemål, Vegar Landro sette ballen i nettet i det 94. minutt.
Håper på eit eliteserielag
Nå håper Hallgeir Hinna at Staal skal trekka eit eliteserielag i andre runde i cupen.
– Det hadde vore utruleg kjekt å fått eit eliteserielag til Jørpeland, både for laget og for publikum.
Også Bergersen, som ønskjer Staal lukke til vidare i cupen, seier at det kunne blitt underhaldane.
– Ein kan jo håpe at dei trekk Viking, og slår dei ut i andre runde av cupen, seier Bergersen med eit smil.