(NRK har endra innhaldet i denne artikkelen etter melding frå Meteorologisk institutt. Dei forklarte først vêrfenomenet som ei skypumpe, men har seinare endra forklaring som du kan lesa lenger nede i artikkelen).
– Det var så merkeleg. Det var ein enorm energi. Det var som ei bombe som gjekk av. Så forsvann det, og det var ferdig.
Arshad Amith låg og sov då han høyrde ein høg lyd like utanfor soveromsvindauget.
– Då såg eg eit kvitt lys. Som ei skypumpe. Det var ikkje torevêr, men det var som eit lyn. Så rasa heile muren. Det var ingen øydeleggingar rundt her. Og det var då eg byrja å skjønne at det hadde vore ein liten tornado her, seier Amith.
Terrassegjerdet hans ligg strødd på bakken. Men rundt står alt like fint. Gjerdet, som er festa med store murklossar, har blåse over ende.
Arshad Amith har fått øydelagt terrassegjerdet etter det lokale vêrfenomenet i Sandnes søndag morgon.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKSkuret låg på hovudet
Sandnesposten kunne i ettermiddag melde at eit tornadoliknande fenomen hadde røska inn over området Lunden i Sandnes i morgontimane søndag.
Verst gjekk det nok ut over huset og søppelskuret til Rolf Gitlesen.
– Me høyrde eit forferdeleg brak. Noko eg aldri har høyrt før. Kona vakna litt forferda. Eg fortalde henne at det bles. Men då det blei lyst forstod me at det måtte vera ein liten tornado, seier han.
Takpannene på huset låg strødd, og skuret låg på hovudet i blomsterbedet utanfor huset til mor til Gitlesen. Greinene på det store treet på nabotomta hang så vidt fast.
– Me trudde ikkje våre eigne auge eller øyre. Veldig skremmande, men òg spanande. Det har vore veldige krefter, seier han.
Den sterke vinden trefte svært lokalt og gjorde store skader.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / RYKKEBILKAMERAMeteorolog: – Ikkje tornado
Meteorologisk institutt i Oslo er blitt gjort merksame på det svært lokale vêrfenomenet av innringarar.
Dei avviser at det er snakk om ein tornado.
Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl trur vindkasta har kome frå ei kraftig regnbye.
– Regnbyene kom inn frå havet, inn mot sørvestlandet. I ei av desse kraftige regnbyene har det kome kraftige vindkast i samband med regnet som fall ned, seier meteorologen.
Meteorologisk institutt har ikkje fått meldingar om liknande vêrfenomen andre plassar i landet søndag.
Greinene på dette treet fekk også gjennomgå.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKHar sett tornadoar tidlegare
Gitlesen i Sandnes har hatt ein eigedom i USA der han har sett tornadoar tidlegare.
For han minna dagens vêrfenomen om det.
– Me får håpa dette ikkje blir normale tilstandar framover, seier han.
Ingen andre hus eller eigedommar er noko særleg ramma. Heller ingen personar blei skadde.
Gjerdet til Arshad Amith er knekt saman.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK