Hopp til innhold

Spelar for opprykk til eliteserien

I kveld spelar Viking handball sesongens viktigaste kamp. Dersom dei vinn, eller taper med mindre enn tre mål, borte mot Nøtterøy i kveld, er dei klare for eliteserien neste sesong.

Viking håndball

SESONGENS VIKTIGASTE: Viking handball og trenar Gunnar Blombäck møter Nøtterøy i sin viktigaste kamp denne sesongen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det høyrest jo veldig positivt ut på alle måtar, men det er 60 tøffe minutt som skal gjennomførast i ein hall som kjem til å koka, seier Gunnar Blombäck, trenar for vikingherrane.

Viking handball vann den første kvalikkampen mot Nøtterøy heime i Stavanger med tre mål (27-24). I kveld spelar dei borte, og kan sikra seg ein eliteseriekontrakt med siger, eller dersom dei taper med mindre enn tre mål.

Gunnar Blombäck
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Me har ein sjanse, absolutt. Me har litt å gå på etter slik me presterte førre kamp, sjølv om det var mykje bra. Alt kjem an på korleis kampen utviklar seg, om det er likt eller me har eit par måls forsprang litt ute i andre omgang, då byrjar nervar og slikt å spela inn hjå motstandaren. Men det kan hende me ligg under fire mål under etter berre fem minutt. Alt kan skje, seier Blombäck.

– Det burde jo vera grei skuring? Store Stavanger mot vesle Nøtterøy?

– Ja, det skulle ein kanskje tru, men slik er det ikkje. Berre sjå på andre småbyar i Norge, til dømes Elverum, dei er med i kampen om seriegullet kvart år. Der har dei elgjakt og handball, her i Stavanger er det fleire ting som kjempar om merksemda.

Hockey og fotball stel interessa

Det kan gå mot opprykk etter éin sesong i den nest øvste divisjonen. I 2012/2013-sesongen vart det for mange tap, og dei enda heilt sist på tabellen med stusslege eitt poeng og ein negativ målskilnad på 150. Men det er ikkje berre andre handballag dei må kjempa mot i kampen for suksess. Ishockeyen og fotballen tek det meste av merksemda toppidretten får i vestlandsfylket.

– Det er mykje anna som stel tida og interessa til folk, ikkje minst hockeyen. Det bidreg til at konkurransen blir veldig tøft.

– Blir du misunneleg på Oilers som trekk full hall, veke etter veke?

– Eg tykkjer det er moro at det går bra for idretten i Stavanger, men eg lyg om eg seier noko anna enn at det er trist for oss i handballen at me ikkje får ein eigen hall. Då hadde me fått ei ordentleg heimebane, med kanskje 2000 tilskodarar på kampane. Det skapar blest rundt kampane som er veldig viktig for både spelarar og publikum sjølv.

– Me skulle gjerne vore i rampelyset og gått i fronten for idretten her i Rogaland, men det manglar litt kvalitet og økonomi for at me skal klara det fullt ut, seier Blombäck.

– Kan nesten handhelsa på kvar tilskodar

Blombäck kom tilbake til Viking i 2009, etter nokre år som trenar for det den svenske toppklubben IFK Skövde HK og det sveitsiske landslaget. Førre gong han var i klubben var det heilt anna trykk på kampane.

– Førre gang kunne det fint vera både 4000, 5000 og 6000 tilskodarar, spesielt når me spelte seriefinalar, vann cupar og spelte kampar langt framme i europacupen. No kan eg neste springa opp og handhelsa på tilskodarane.

– Angrar du på at du takka ja til å flytta til Stavanger og prøva å skapa eit nytt handballeventyr i byen?

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg trivst veldig bra i byen, og det å jobba der ein er underdog, der er også moro på sin eigen måte. Eg kan jo ønskja at me fekk litt hjelp på vegen, både frå media og reint økonomisk. Ser ein på fotball og ishockey, så trengst det betydeleg mindre pengar for å koma seg opp og fram i handball, både i Norge og ute i Europa.

Usikker på økonomien

– Det kostar ikkje meir å vera i eliteserien enn i førstedivisjon når det gjeld reiser og slike utgifter, men derimot kostar det meir å ha eit slagkraftig lag, og der har me ein del å gå på endå, seier han.

Blombäck håpar eit opprykk vil føra til meir interesse rundt handballen, både frå publikum og sponsorar, men trur det trengst meir enn å vinna i kveld for at folk skal strøyma til Stavanger idrettshall.

– Det trur eg ikkje me klarar så med ein gang, men me blir nok meir interessante for publikum, og forhåpentlegvis sponsorar, om me klarar å ta skrittet opp. Men Viking kjem ikkje til å døy sjølv om me ikkje klarar det. Me kjem til å halda fram med å jobba for å bli betre og å stabilisera oss på eit høgt nivå.