Hopp til innhold

– Neste veke kjem sommaren

Statsmeteorologen veit at han lover mykje, likevel seier han at temperaturane kan koma opp mot 25 grader i Rogaland neste veke.

Bading i Hafrsfjord

SOMMAR: Sommarvêret var på vitjing i Rogaland i mai, nå kjem det kanskje attende.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I helga er det lite som minnar om juli, og på sundag blir det verst med mykje nedbør, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK Rogaland fredag ettermiddag.

Men det er lys i tunellen for dei som ventar på godvêr i sommar.

– Frå måndag ut på dagen skal det klarna opp. På tysdag kan den passera 20 grader, og vidare ser det veldig lyst ut, seier Fagerlid.

Resten av veka seier han at gradestokken kan koma til å liggja mellom 20 og 25 grader, og han er fullt klar over at dette skaper store forventningar.

– Eg veit at eg lovar mykje nå, men det ser veldig lyst ut. Det blir nok nærmere 20 enn 25, men definitivt høgare enn veka me har hatt. Skyene vil nok likevel vera der, men det ser veldig lovande ut, avsluttar han.

Her kan du sjølv høyra meteorologen om vêret i helga og neste veke: