Hopp til innhold

Slik blir jonsokvêret

Tysdag kveld er det jonsokaftan, men sommarvêret glimrar nok ein gong med sitt fråvær. Skyer og vind er stikkorda, men det er lov å håpa at sola glimtar til på kvelden.

Jonsok i Gloppen

VÆR FORSIKTIG MED BÅLET: Det er oppmodinga frå både Meteorologisk institutt og brannvesenet.

Foto: Jon Gloppestad / leserbilde

– Det kan bli ein del vind, i alle fall i ytre delar av fylket. Det blir ein nordvestleg liten til stiv kuling på kysten av Rogaland på kvelden, fortel Anne Solveig Andersen, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga i Bergen.

– Det er lov å håpa

Jonsokaftan er det mange som fyrer opp jonsokbål og tek med seg eingongsgrillen ut i kveldinga. Men skal du ut i år, bør du også ta på deg godt med klede og kanskje ha ei regnjakke i sekken.

– Det blir 10–12 grader på dagtid, og 9–10 grader på kveldstid i stort sett heile fylket. Det er lov å håpa på at skydekket sprekk opp litt utover dagen, men det er også fare for regnbyer i indre strøk, fortel Andersen.

  • Bruk yr.no for ditt lokale vêrvarsel
Jonsok

SOMMARSTEMNING? Temperaturen tilseier ikkje slutten av juni, men ta på deg godt med klede og nyt kvelden likevel!

Foto: Bjarne Eldevik

Vinden kan skapa problem

– Eg ville nok tenkt meg om før eg fyrte opp ein sankthansbål, spesielt på kysten, seier meteorolog Andersen.

Det er mange jonsokbål som kjem til å bli tende tysdag kveld. Rogaland brann og redning IKS melder om at dei har fått inn over 230 meldingar om bål som skal brennast i samband med feiringa.

– Sankthansbål er som regel eit stort bål. Ved bygging og opptenning av slike bål er det viktig at ein tidleg tenkjer over fleire faktorar som kan spela inn når flammane først har tatt tak. Då tenkjer eg spesielt på plassering og vindretning, seier Randi Hetle, branninspektør i Rogaland brann og redning IKS på deira nettsider.

Mannskap frå brannvesenet kjem til å føra kontroll med fleire av dei innmelde båla dei neste dagane for å sjå til at båla er sette opp på ein forsvarleg måte, og sikra at det ikkje er fare for spreiing og forureining. Og dersom du ikkje har søkt om å få brenna Sankthansbål, er du diverre for seint ute. Fristen gjekk ut på fredag.