To dyr er allereie avliva og opp i mot 300 dyr kan måtta bøta med livet på grunn av skrapesjuka, opplyser fylkesveterinær i Rogaland og Agder, Kjetil Gabriel Espeland.
Dei to gardane som er råka av skrapesjuke har til saman 155 vinterfora sauer.
På garden i Bokn er sjukdommen påvist hos ei sju år gamal søye av rasen pelssau. Søya døydde av mjølkefeber og ein prøve som vart gjort viste at søya hadde skrapesjuke.
Denne besetningen har 115 vinterfora sauer, dei fleste av rasen pelssau.
På garden i Time vart ei tre år gamal søye som hadde skranta ei stund avliva og sendt til obduksjon. Denne viste at søya hadde skrapesjuka. Denne besetningen består av 40 vinterfora dyr av rasen norsk kvit sau.
Det vert no arbeidd med å få klarlagt kva type skrapesjuke dette er. Det finst to typar, klassisk og atypisk skrapesjuke. Den atypiske er mindre smittsam enn den klassiske utgåva av sjukdommen.
Den sjukdommen som er oppdaga i Rogaland tidlegare år er den klassiske.
Sist sjukdommen vart oppdaga i Rogaland var på Karmøy i 2001.