Hopp til innhold

– Mjølkesyra kom fort

I dag var det den tidlegare sjukamp-stjerna Anne Brit Skjæveland Sandberg som prøvde seg i Top Pedal.

Anne Brit Skjæveland Sandberg er dagens deltakar i Top Pedal.

– Eg kjende at mjølkesyra kom fort, sa Anne Brit Skjæveland Sandberg då ho kom i mål etter ein imponerande runde i Top Pedal.

Mjølkesyre eller ikkje, den tidlegare friidrettskvinna hamna på tredje plass av alle kvinne som har vore med i konkurransen. Berre Ann Kristin Aafedt Flatland og Live Andrea Mikkelsen har fått betre tider.

– Med tanke på at dei truleg er langt betre trent enn meg, så var det ganske bra, seier Skjæveland Sandberg. Ho legg likevel til at det einaste som gjeld når ein stiller til start er å vinna.