NRK Meny
Normal

Skal gjera det enklare å evakuera byen

Stavanger kommune bruker Gladmat-festivalen til å teste ut nytt SMS-varslingssystem. Alle som oppheld seg i sentrum, og har mobilen skrudd på, vil etter planen få eit varsel på telefonen sin.

Oversiktsbilde av Gladmatfestivalen 2010 i Stavanger

Oversiktsbilete av Vågen i Stavanger under Gladmat 2010.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Med eit nytt varslingssystem skal Stavanger kommune nå ut til alle som oppheld seg i ein radius av to kilometer frå Stavanger sentrum med SMS. Anten dei er fastbuande eller berre på vitjing i byen.

Det forklarer beredskapsrådgjevar Hugo Kind.

– Å varsla via SMS vil kunne vera effektivt når mange menneske innanfor eit bestemt område må få same bodskap raskt. Det kan til dømes vera i kritiske situasjonar som ein terrorsituasjon, forklarer Kind.

Varslingssystemet, som er levert av selskapet UMS og utvikla saman med Telenor og NetCom, har tidlegare blitt testa ut på Austlandet og i Ålesund

Laster kart, vennligst vent...

Alle som oppheld seg innanfor ein radius på to kilometer med utgangspunkt i Stavanger sentrum skal etter planen bli varsla på torsdag 23. juli.

Kan nå ut til mange samstundes

Hugo Kind

Beredskapsrådgjevar i Stavanger, Hugo Kind.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det kostar å kjøpa inn dette systemet. Derfor vil me på lik linje med andre storbyar i Norge ta ei vurdering. Me ønsker også å få med oss brannvesen og politiet, seier Kind.

Årsaka til at dei vil teste ut det nye systemet under Gladmat-festivalen er at det då er samla svært mange folk i Stavanger-sentrum. I fjor var det truleg meir enn 250.000 personar innom festivalen.

Eit godt høve til å testa ut om dei vil kunne nå ut til svært mange, og om nettet bryt saman dersom mange klikkar seg vidare inn på ei lenke, som står i SMS-en. Å vera trygg på at dei har eit fungerande system er viktig meiner beredskapsrådgjevaren.

– Me kan til dømes tenka oss situasjonar der folk bør forlata eit område eller lukke vindauge på grunn av giftig røyk, seier han.

Også nabokommunane på Nord-Jæren, politi og brannvesen er med på å prøva ut varslingssystemet. Det kan betyr fleire testmeldingar ulike stader i regionen i tida som kjem.

På engelsk og norsk

Meldinga Stavanger sender ut vil sjå slik ut:

«Hei! Dette er bare en test av et nytt varslingssystem for Stavanger. Ikke noe viktig denne gangen. Ha en fin dag! Mer info: http://goo.gl/mcoAwB»

Mobiltelefonar som er knytte til utanlandske operatørar får same melding, men på engelsk.

Kommunen understrekar at personvernet til folk skal vera teke vare på.

– Me veit ikkje kva mobilnummer me sender til eller området personane me sender til er. Altså er det verken mogleg, eller ønskeleg, for oss å lagra informasjon om dei me sender til eller nummera deira, seier Kind.