Hopp til innhold

Skal hjelpe dei ikkje-digitale

Grunderselskapet Kakadu frå Ryfylke skal utvikle ei gratis nett-teneste for dei som slit mest med digitaliseringa. Det er 600 000 nordmenn som tykkjer det er vanskeleg å finna fram på nettsidene til for eksempel Nav, biblioteket eller banken sin. Kakadu har mottatt tre millionar kroner frå Helsedepartementet for å lage hjelpesida, som skal vera klår til bruk neste haust.

Hege Fiskå og Ingvild Erøy, gründere av Kakadu
Foto: Erik Waage / NRK