Hopp til innhold

Dette tiltaket kan ha redda Noregs største ugle

Det er berre 500 hubropar igjen i Noreg. No blir det brukt millionar av kroner på sitjepinnar, som skal redde bestanden. Og det fungerer.

Hubro

Den vesle avstikkaren til venstre vart nettopp montert på denne kraftmasta på Karmøy. Dette skal hindre hubroen frå å bli grilla levande.

Foto: Simon Elias Bogen / Espen Dahl / NRK

Den er sterkt utryddingstrua.

Og det er menneska sin innblanding i naturen som er årsaka.

– Kraftlinjer er ei dødsfelle for hubroen. Dei døyr som i den elektriske stolen, seier Peder Christiansen.

Hubro

Gamle kraftlinjer med stolpar som denne er den største trusselen for hubro.

Foto: Jan Ove Gjershaug

Han er naturforvaltar i Karmøy kommune. I kommunen har det no vorte sett opp noko som blir kalla «sitjepinnar» på gamle kraftlinjer.

Desse pinnane blir monterte for å ta vare på hubroen.

– På leidningsmastene er det tre klumpar som stikk opp. På desse er det straum. Når hubroen set seg på midten og tek ut vengene vil han få straum i seg og døy, seier Christiansen.

Det same vil skje viss hubroen rører ved ein av dei tre kraftleidningane.

Hubrovern

Naturforvaltar i Karmøy kommune, Peder Christiansen.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Sannsynlegvis er dette ei av dei viktigaste dødsårsakene for hubro i Noreg. Det kjem fram i Miljødirektoratets handlingsplan for hubro 2022–2026 (ekstern lenkje).

Sånne kraftlinjer er plasserte i heile landet.

Aktive tiltak

I 2021 vart hubroen plassert i kategorien «sterkt trua» på norsk raudliste for artar. Hubroen fekk sin eigen handlingsplan i 2009, og fleire tiltak er gjennomførte i kraft av denne.

Mellom anna sitjepinnar.

Desse blir monterte på kvar side av kraftmasta, slik at hubroen kan setje seg og ikkje røre ved kraftlinja.

Hubrovern

Det finst god dokumentasjon frå Noreg og andre land på at kraftleidningar er ei viktig dødsårsak for hubro.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

I tillegg blir det sett ut piggar på midten – for at hubroen berre kan setje seg på sitjepinnane.

Nedgang i død fugl

Det er Fagne – nettselskapet til Haugaland Kraft som har sett opp desse sitjepinnane i Karmøy.

Ein hubro har landa på ei ny type straummast som er sikra med ekstra sittepinner på endane. Slik unngår hubroen kraftlinjene.

Overvakinga av hubro viser at bestanden har vore relativ stabil sidan 2012. Her sit ein hubro på ein sitjepinne.

Foto: Jan Ove Gjershaug

Det er ikkje noko nytt. Vi skal tilbake til år 2010 då forskarar utvikla denne pinnen. I dag kan vi finne ut om det har fungert eller ikkje.

– Dei siste åra har vi sett opp masse sitjepinnar. Vi har merka stor nedgang av død rovfugl, seier energimontør Tommy Kjøllmoen i Fagne.

Han seier dei stadig sjeldnare må dra ut for å fjerne død fugl som heng frå kraftleidningane. Dette seier han også gjeld hubro.

– Det fungerer veldig bra. Når vi er oppe i mastene ser vi at det er tydelege spor etter klør på sitjepinnane, seier Kjøllmoen.

Hubrovern

Tommy Kjøllmoen er energimontør for Fagne. Totalt 70 mastepunkt fordelte på seks kilometer fekk sitjepinnar den dagen Fagne sende ut montørane sine.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

I perioden 2018–2021 er det brukt gjennomsnittleg 4,2 millionar kroner årleg på tiltak retta mot hubro. Ein vesentleg del av midlane er brukte til tiltak på linjenettet.

Miljødirektoratet har markert dette som høg prioritet, og vil spe på med minimum 2 millionar kroner kvart år fram mot 2026 for å montere nye sitjepinnar.

– Stor betydning

Zoolog Roar Solheim meiner det er nødvendig med desse millionane.

– Alle tiltak som kan redusere dødelegheita har mykje å seie for overlevinga til arten, seier Solheim.

Han seier hubro er ein viktig del av villmarksopplevinga i Noreg.

Zoolog Roar Solheim.

Zoolog Roar Solheim.

Foto: Miriam Grov

Funn av død hubro

Naturforvaltar Christiansen er sikker på at bestanden blir bevart med desse sitjepinnane.

Han viser til ei undersøking som tidlegare har vorte gjort i Noreg.

– Halvparten av dei hubroungane dei hadde hatt oppdrett på, vart funne døde under desse mastene, seier han.

Også i ein studie gjennomført av Veterinærinstituttet på 100 tilfeldig utvalde hubroar, kunne det påvisast at 61 av dei hadde vorte drepne av høgspentleidningar.

Hubrovern

Kostnadene ved å sikre farlege mastepunkt ligg på mellom 6 000-20.000 kroner per mast.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Derfor er Christiansen svært glad for at fleire gamle kraftlinjer i kommunen har vorte utstyrte med hubrovern.

– Heile denne linja er sikra for hubrodød, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg