NRK Meny
Normal

Siktinga er utvida etter funn av sprengstoff

Mannen i 40-åra, som i dag blir framstilt for varetektsfengsling, er nå sikta for heleri av sprengstoff, brot på våpenlova og underslag av sprengstoff hos sin tidlegare arbeidsgjevar.

Har gjort nye funn i sprengstoffsaka

Mannen som har etterlate sprengstoff på to adresser i Rogaland skal ha fått fatt i ein del av det gjennom jobben sin.

Foto: Ronny Hjertås / NRK

Sprengstoff

Dette er noko av det som blei funne i hagen på Figgjo.

Foto: Privat

Det var måndag kveld det blei oppdaga sprengstoff nedgrave i ein hage på Figgjo i Sandnes. Den tidlegare huseigaren på adressa, ein mann i 40-åra, blei kort tid etter teken av politiet. Seinare fann dei også sprengstoff på ei anna adresse han har tilknyting til, dette var på Ålgård i Gjesdal.

Sikta for tre forhold

Mannen blei sikta for heleri av militært sprengstoff. Før dagens fengslingsmøte er siktinga utvida, ifølgje politiadvokat Åshild Ravndal.

– Han er sikta for tre forhold; brot på våpenlova, heleri av sprengstoff og underslag av sprengstoff frå sin tidlegare arbeidsgjevar, seier Ravndal til NRK.no.

Mannen har tidlegare jobba med sprenging i eit entreprenørselskap, og det er her politiet meiner at mannen har fått fatt i ein del av det dei nå har funne nedgrave. Men noko av sprengstoffet er også militært.

Håkon Tinderød Eliassen som er advokat for siktede seier til NRK at klienten hans har det tungt.

– Han vedgår dei faktiske forhold, men han er letta over at saken nå har vorte kjent, seier Tinderød Eliassen.

I dagens fengslingsmøte vil Ravndal be om at mannen blir varetektsfengsla i fire veker.

– Politiet treng ro til etterforskinga, og me veit ikkje kva den vidare etterforskinga vil bringa, derfor ber me om fire veker.

– Er andre personar involvert?

– Førebels er det ingenting som tydar på det, seier Ravndal.

Sjekkar ny adresse

Mannen har vore inne til fleire avhøyr, men politiet vil ikkje gå inn på kva som har kome fram her.

Bombegruppa jobbar med å gå gjennom funna som er gjort, og vil etter kvart koma med ein rapport til etterforskarane, som førebels ikkje kan gå nærmare inn på kva som er funne.

I dag skal politiet sjekka ei tredje adresse i Sandnes for sprengstoff.