Hopp til innhold

Satsar på el-sykkel

Forus næringspark vil ha fleire over på sykkel. Derfor skal dei plassera ut elsyklar til fri bruk for dei tilsette.

Carl Håkon Jarstø

Carl Håkon Jarstø jobbar i Subsea 7 på Forus. Denne bedrifta har allereie testa ut ei el-sykkel-ordning.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Snart blir det kanskje ikkje uvanleg å sjå menn i dress sykla på elsykkel mellom kontorbygga på Forus for å nå møter.

I allefall håper Forus Næringspark at elsyklane dei skal plassera ut i sommar skal bli brukt internt på Forus-området, og mellom Forus og Gausel togstasjon, av dei fleire tusen personane som jobbar i parken.

– Primært er føremålet å få ei bedriftsintern sykkelordning, seier Sturle Larsen.

Han meiner dei har eit ansvar for å få ned biltrafikk til og frå Forus, derfor vil dei også ha moglegheit til å plassera syklane på togstasjonen på Gausel.

– Nå i første omgang prøver me ordninga ut med eit par syklar, til neste sesong håper me at det blir langt fleire, seier Larsen.

På Subsea 7 har dei tjuvstarta. Her har dei ein elsykkel som alle kan låna fritt. I tillegg har dei lagt godt til rette for tilsette som vil sykla til bedrifta.

– Så langt er elsykkelen mest populær på godvêrsdagar, men det viktige her er at bedrifta er med på å promotera sykling. Me har også trimrom og garderobe, seier Carl Håkon Jarstø.

Han trur at det kan bli mindre biltrafikk på Forus dersom politikarane vel å satsa riktig.

– Så lenge kommunen legg til rette for parkering, trur eg ikkje dette vil slå an. Blir det lagt til rette med meir sykkelstiar kan det bli annleis.

Flere nyheter fra Rogaland