Hopp til innhold

RØYKUTVIKLING I STAVANGER:

Brannvesenet i Stavanger rykka ut til Hafrsfjordgata i Stavanger etter meldingar om røyklukt frå ein leilegheit i andre etasje. I den tomme leilegheita fann brannvesenet nokre klede som låg på varmekablar. Det ulma litt og førte til røykutvikling. Brannvesenet har fjerna kleda og luftar no ut. Det var dei som bur i første etasje som melde frå til brannvesenet.