Hopp til innhold

Røykutvikling i fly på Sola

Alle naudetater rykka ut til Stavanger lufthamn Sola då alarmen vart utløyst på eit fly som stod parkert. Det viste seg å vera røykutvikling frå ein motor.

Stavanger lufthavn Sola

Det vart slått full alarm då det kom røykutvikling frå eit KLM-fly på Sola lufthamn. Bilete er av eit anna KLM-fly.

Foto: Avinor

Det var klokka 13:28 at politiet fekk melding frå flykontrollen på Sola lufthamn om at alarmen hadde blitt utløyst på eit fly som stod parkert ved gate 15.

Alle naudetater rykka ut til staden. Då dei kom fram viste det seg å vera røykutvikling frå eit fly.

– Flyet hadde nett landa då det vart oppdaga røykutvikling frå motoren på høgre side, seier lufthamnsjef, Leif Anker Lorentzen.

Flyet kom frå Amsterdam og tilhøyrer flyselskapet KLM.

– Situasjonen vart raskt avklart. Og røyken forsvann av seg sjølv etter om lag fem minutt, seier lufthamnsjefen.

Helsepersonell som hadde rykka ut til staden, vart kalla tilbake. Ingen personar vart skadde.

Det er førebels ikkje kjend kva som er årsaka til røykutvikling.

Flyet skulle ha returnert til Amsterdam kl. 14, men avgangen er no innstilt. Lufthamnsjefen seier at han ikkje har fått meldingar om at hendinga får konsekvenser for flytrafikken elles.