Hopp til innhold

Rekordresultat frå Equinor

Konsernsjef i Equinor, Anders Opedal, leverer sitt beste kvartalsresultat nokon gong for dei første tre månadane i år. Det justerte driftsresultatet er på 18 milliardar dollar, eller 169 milliardar kroner. Sist rekord kom i fjerde kvartal i fjor. Den var på 132 milliardar kroner. Selskapet har også nedskrive verdiane sine i Russland med om lag 10 milliardar kroner, sidan dei er i ferd med å trekke seg ut frå landet.

Anders Opedal er konsernsjef i Equinor.
Foto: Hallvard Norum / NRK