Hopp til innhold

Pandemien stoppar han ikkje – har reist på biltur frå Noreg til Asia

Jørn Bjørn Augestad (31) meiner det er mogleg å reisa og samtidig ta pandemien på alvor. Dei siste fire månadane har han besøkt tolv land.

Han har vore i alle verdas land, og lever for å reisa. Etter å ha vore fleire månader i Noreg etter viruset braut ut i mars, lengta Jørn Bjørn Augestad etter verda.

I september bestemte han seg for å reisa igjen.

Trass i pandemien og reiserestriksjonar.

– Enkelte meiner det er egoistisk av meg å reise, mens andre set pris på at eg deler glimt av verda og minner dei på at det ikkje berre er negative ting som skjer.

Forstår at folk er kritiske

I fire månader har han reist i bil gjennom Europa til Asia.

Han har reist gjennom Danmark, Tyskland, Sveits, Liechtenstein, Italia, Kroatia, Serbia, Albania, Makedonia, Bulgaria og Tyrkia til Irak. Kartet viser ein oversikt over reiseruta.

Augestad har blant anna vore ein månad i Tyrkia og skal vera to månader i Irak.

– Ved å vera i eit land i ein lengre periode blir eg litt som lokalbefolkninga. Så lenge eg fylgjer smittevernreglane som finst i landa eg besøker, så utgjer eg ikkje meir fare enn andre innbyggjarar.

Han reiser ikkje som «alle andre».

– For meg handlar ikkje reise om å flokka seg til restaurantar og offentlege transportmiddel, seier Augestad.

Han køyrer eigen bil og søv som oftast i bilen, takboksen eller teltet. Maten lagar han som regel sjølv. Han brukar mest tid i naturen og landsbygdene.

– Eg forstår at folk er kritiske til at eg vel å vera på reisefot i disse tider, men eg trur at dersom folk hadde forstått korleis eg reiser så er det lettare å forstå kvifor eg vel å gjera det.

Vil isolera seg om han blir sjuk

Han fortel at han testar seg for koronaviruset kvar gong han kryssar ei grense, og held seg vekke frå område med mykje smitte.

– Mange vil nok meina at eg sluntrar unna den store dugnaden, men måten eg prøver å gjere mitt på er å halde immunforsvaret oppe og avgrense talet på menneske eg er i kontakt med.

Så langt har ikkje Augestad blitt sjuk på turen. Men om han blir det vil han isolera seg.

– Koronaviruset har tatt mange liv, og eg meiner me må ta det på alvor. Samtidig meiner eg det er viktig at det ikkje tek livet av draumane våre.

– Risiko knytt til reising

Utenriksdepartementet frårår alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land. Rådet gjeld til 15. januar.

Fylkeslegen i Rogaland kan ikkje kommentera på enkeltsaka, men seier på generelt grunnlag at det er risiko knytt til å reise under pandemien.

– Faren for smitte er ein ting, seier Janne Dahle-Melhus.

Det andre ho peiker på er kapasiteten i helsevesenet der ein er på reise. Dersom ein skadar seg eller treng hjelp grunna anna sjukdom kan det vera ei utfordring under pandemien.

– I dei fleste tilfelle vil heller ikkje reiseforsikring vera gyldig, seier Dahle-Melhus.