Hopp til innhold

Regnet skaper store problem

Brannvesenet i Sør-Rogaland har i dag blitt nedringt på grunn av problema som det kraftige regnveret fører med seg.

Vaktkommandør Kjetil Vier seier at mange kjellarar er oversvømt av vatn. Aller verst har det vore i Randaberg og i Sola.

Det er venta store mengdar regn i heile fylket vårt i dag.

I Stavanger og Sandnes er det venta opp mot 70 millimeter nedbør. Våtast blir det trulig i Lund og Vindafjord, der det kan komma heile 100 millimeter.