Hopp til innhold

Redningshelikopter flyr som normalt

Sjølv om luftrommet over Sør-Noreg er stengt, opererer redningshelikoptera som normalt forsikrar Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

– Er det snakk om liv eller død flyr me som normalt, heilt uavhengig av dette, seier Jan Erik Skorte, redningsleiar i HRS.

Så langt i dag har det ikkje vore oppdrag der dei har vore ute med helikopter. Ei heller Norsk Luftambulanse blir råka av at flytrafikken er stengd, forklarar pressesjef i Norsk Luftambulanse, Per Håkon Solberg.

– Me flyr når me må fly, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland