Punkterte før utforkøyring

Bilen som køyrde av vegen på E134 i Ølensvåg i morgontimane, hadde punktert like før. Føraren har forklart politiet at bilen etterpå sklei av vegen på det glatte føret. Det er vanskelege køyretilhøve på staden, ifølgje politiet. Føraren er uskadd.