NRK Meny

Promillekøyrar tatt av UP

Ein bilist politiet meiner køyrde med promille blei tatt av ei UP-patrulje på Hinna i Stavanger i kveld. Det skjedde etter tips frå ein medtrafikant som følgde bilen som køyrde vinglete og med punktert dekk. Den mannlege bilføraren (29) må nå ta turen til legevakta for å få tatt blodprøve og målt promillen, melder politiet.