NRK Meny

PRODUKSJON I GANG ETTER LEKTERGLIPP

Oljefelta Valhall og Ekofisk har teke opp att produksjonen etter at ein løpsk lekter i Nordsjøen førte til evakuering av 400 oljearbeidarar nyttårsaftan, skriv NTB. Det var fare for at lekteren skulle treffe plattformene. Oljeselskapet BP har tapt «nokre millionar» på hendinga, seier pressekontakt Jan Erik Geirmo.