Hopp til innhold

Prjin (17) brukte ferien til å kjempa mot IS

– Eg møtte ein fireåring som såg foreldra bli drepne av IS. Han håpa framleis at foreldra ville koma heim. Så klart vil dei ikkje det, men ...

Før jul reiste 17 år gamle Prjin Atrushi til en flyktningeleir nord i Irak, for å hjelpe dei som har flykta frå IS. Nå er ho tilbake i Norge - med sterke historier

SJÅ REPORTASJEN: Prjin Atrushi er heime etter ein juleferie som sette spor. I Dohuk nord i Irak møtte ho blant anna ein fireåring som har opplevd noko av det verste eit barn kan oppleva. Den vesle guten såg foreldra bli drepne av IS.

Prjin Atrushi i Kurdistan

STERKT MØTE: Mange sette pris på hjelpa.

Foto: Waar TV

17 år gamle Prjin Atrushi frå Nærbø har lenge engasjert seg sterkt i kampen mot terrorgruppa IS. Før jul reiste ho til ein flyktningleir nord i Irak for å hjelpa dei som har flykta frå terrorgruppa. Ho delte ut mat, klede, sko og litt medisinar i byen Dohuk, som berre er 40–50 minutt med bil frå IS-kontrollerte Mosul.

– Eg kjem aldri til å gløyma det eg opplevde. Ungane var utan foreldre, dei visste ikkje om foreldra var døde eller om dei berre var vekke. Ein annan unge hadde sett foreldra sine bli drepne av IS, han var berre fire år gamal.

Drapstrugslar

Prjin Atrushi i Kurdistan
Foto: Waar TV

Oppdraget ho var ute på var langt frå ufarleg. I haust måtte bror hennar flykta frå byen, då IS truga han på livet fordi ho har engasjert seg i kampen mot IS og terror. Ho har sjølv familiemedlemmar som har blitt drepne av terrorgruppa.

– Så det er ikkje berre folk som trur på andre religionar dei drep, dei drep muslimar også. Muslimar er ikkje terroristar, det er berre ekstremistane som prøver å øydeleggja islam, seier ho.

Har lyst å kjempa

Prjin Atrushi i Kurdistan

I UNIFORM: Prjin Atrushi bar uniform då ho delte ut mat, klede og medisinar til flyktningane. Den uniforma tek ho gjerne på seg i kamp.

Foto: Waar TV

Atrushi er kurdar og bar den kurdiske hær sin uniform under hjelpearbeidet. Fleire av hennar slektningar som bar den same uniforma har mista livet sitt i kampen mot IS, ein kamp ho skulle ønskje ho kunne delta i.

– Om dei hadde trengt meg og eg hadde hatt moglegheit, så ville eg vore med dei og kjempa, seier ho.

Skal tilbake

Prjin Atrushi i Kurdistan

SÅG FORELDRA BLI DREPNE: Fireåringen har opplevd noko av det verste eit barn kan oppleva. Den vesle guten såg foreldra bli drepne av IS.

Foto: Waar TV

Trygt tilbake i Noreg er inntrykka mange, men først og fremst føler ho at ho burde gjort meir for flyktningane i heimlandet.

– Det er vinter, og dei har ikkje klede, hus, mat eller nok varme. Dei treng oss. Eg har framleis vondt inne i meg fordi eg føler eg ikkje gjorde nok, seier ho.

Vinteren og våren skal ho bruka til å samla inn meir pengar til medisinar og varer.

– Eg håpar at me også kan ta med nokre legar tilbake til Kurdistan neste gong me skal ned dit, seier ho.