Hopp til innhold

Fryktar ikkje at Nord-Norge skal ta over olja

Nord-Norge kan bli den største olje-regionen i Norge innan 2040, ifølgje ein ny analyse. I oljehovudstaden Stavanger tar dei ikkje denne nyheita ille opp.

Oversiktsbilde av Gladmatfestivalen 2010 i Stavanger

Solskin over Stavanger, der dei ikkje fryktar for posisjonen sin som oljehovudstad i framtida.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Christine Sagen Helgø

Christine Sagen Helgø (H) er ordførar i Stavanger.

Foto: Høyre

– Det er berre positivt for Rogaland at oljenæringa veks i Nord-Norge.

Christine Sagen Helgø sit på kontoret sit midt i Stavanger sentrum. Ein by, som før oljefunnet i Nordsjøen 1969, var ein hermetikkby med enkle kår. Etter Statoil etablerte seg i byen i 1972 har andre oljeselskap kome etter, og Stavanger har blitt den sjølvsagte oljehovudstad.

Framtida ligg i nord

Men tidlegare i dag blei den norske oljeframtida presentert på ein konferanse om oljeutvinning i Nordområdet. Den årlege Rystad-analysen slår fast at framtida på norsk sokkel ligg i nord. Og i 2040 kan Nord Norge veksa seg større enn Stavanger-regionen.

Men det gjer altså ingenting, seier ordføraren i oljehovudstaden.

– Eg trur absolutt at aktiviteten i nord vil styrka posisjonen vår som olje- og energiregion. For sjølv om det er aktivitet i Nordsjøen utanfor Vestlandet, eller om det er aktivitet i Nord, vil mykje av arbeidet skje frå denne regionen, seier Sagen Helgø.

Ho siktar då til oljeselskapa som er etablerte her og ikkje minst leverandørindustrien.

– Det er gode nyheiter og det er bra at Nord-Norge får ein del av denne kaka, seier Sagen Helgø.

ARKIVVIDEO: Første oljefunn i Nordsjøen

Video Det første oljefunnet i Nordsjøen

VIDEO: Stemninga var på topp då det blei gjort oljefunn i Nordsjøen litle julaftan 1969. Videosnutten er tatt frå dokumentaren 'Askeladden i oljeeventyret'.

Kjem ikkje av seg sjølv

Ifølgje rapporten som blei lagt fram i Stavanger i dag vil dei årlege drifts- og investeringskostnadane for petroleumsnæringa i Nord-Norge kunne vera på nivå med det tilsvarande kostnadsnivået i Nordsjøen. I 2040 kan nivået bli større i nord.

– Dette er ikkje ei lokal Nord-Norge-satsing, dette er ei oljenæring som skal halda fram med å veksa i Norge gjennom Nord-Norge. Skatteveksten og næringsskapinga som følger med er for heile Norge, seier Jarand Rystad, som leier selskapet som står bak analysen.

Næringa sjølv er spente på framtida.

– Bilete er klart og spanande, olja si framtid er i Nord. Nå byrjar det slik som det byrja i Nordsjøen på 70-talet, seier Bjørn Vidar Lerøen, i arbeidsgjevarorganisasjonen, Norsk olje & gass, Bjørn Vidar Lerøen.

Men ei betydeleg oljeutvikling i Nord-Norge vil by på fleire utfordringar, ifølgje instituttleiar ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Dag Harald Claes.

– Det er openbart meir kostbart å ta opp olje lenger nord enn i Nordsjøen, i tillegg til den type kostnader er det teknologiutfordringar knytt til oljeutvinning i Nord-Norge.

Selv om fremleggingen av Rystad-analysen i år handlet om oljeoptimisme i nord, ble den arrangert i Stavanger.

Jarand Rystad i Rystad Energy om analysen dei i dag la fram.

Flere nyheter fra Rogaland