Hopp til innhold

Politihuset stengt

Politihuset i Stavanger er stengt laurdag, grunna "manglande kapasitet".
- Uhaldbart meiner Arild Sandstøl i Politiets Fellesforbund i Rogaland.

Stengte dører på polithuset i Stavanger.
Foto: Vidar Eidhammer / NRK

Folk som skulle til politihuset i Lagårdsveien i Stavanger laurdag blei møtt med stengde dører. Ein liten lapp teipa på døra informerer om at politihuset er stengt grunna "manglande kapasitet".

Stengt
Foto: Vidar Eidhammer / NRK

- Det er grunna sjukdom, og fordi me har for lite folk. Dørene har vore stengde sidan klokka åtte laurdag morgon, seier operasjonsleiar Daniel Kleppa.

- Galskap

Leiar i Politiets Fellesforbund Arild Sandstøl liker ikkje at politihuset er stengt og meiner situasjonen er uhaldbar. - Dette viser galskapen oppi det heile. Det viser at prioriteringar får konsekvensar, seier Sandstøl.

Sandstøl liker ikkje at politihuset er stengt, og forstår at det kan skapa vanskar for publikum. - Det er det ingen som ønskjer, men prioriteringar får konsekvensar. Dette er også eit uttrykk for bemanninssituasjonen i politiet, meiner Sandstøl.

Uklart kor tid politihuset opnar

Laurdag ettermiddag er framleis dørene på politihuset stengt, og det er uklart om politihuset kjem til å opna igjen i løpet av kvelden. Politiet håpa å opna huset klokka 15.00, men fann inga løysning.

- Nå håper eg at styresmaktene kjem på banen. Det trengs både meir pengar og folk, seier Sandstøl.

Må ringja på

Folk som vil inn til politiet må ringja på callinganlegget ved døra. Bare dei har som har viktige ærend eller naudsituasjonar bli sleppt inn. Årsaka er at politiet ikkje har kapasitet til å ta seg av alt og må difor prioritera kven som får koma inn.

- Dette hadde vore utenkeleg bare for eit par år sidan, og publikum i Sør-Rogaland har ingen stad dei kan henvenda seg, sier Sandstøl.

- Skjedd litt for ofte

Også fredag var dørene på polithuset stengd i nokre timar. Dette var óg grunna sjukdom.

- Dette har skjedd litt for ofte i det siste. Enkelt og greit kan me skulda på mannskapsmangel, seier operasjonsleiar Daniel Kleppa.

Uro i politiet i løpet av hausten

Bemanningssituasjonen har vore eit hett tema i løpet av hausten.

Situasjonen i politiet er blitt belyst gjennom ein rekke saker.

Les også:

Beordres på helgevakt

Politimester tvinger folk på jobb

Beskyldt for å bomme med vilje

Politiet slutter i jobben

- Rekordlav gjennomtrekk i politiet

Nei til overtid

Ingen andre frå munnkurv