Hopp til innhold

Sosiale medium inneber meir enn berre likarklikk for politiet

Å blande humor og viktig informasjon på sosiale medium har blitt ein suksess for politiet sine nettpatruljar. Ein halv dag her kan gi same resultat som eitt års arbeid.

André Møskeland og Ane Øxnevad lagar TikTok-video for Sør-Vest politidistrikt

André Møskeland og Ane Øxnevad i Nettpatruljen Sør-Vest har varierte arbeidsdagar. Her prøver dei å formidle humor til følgjarane sine.

Foto: Marie Håland / NRK

– Når me treffer med eit godt innlegg, kan me nå ut til rundt 500.000, seier Kaare Andre Ødegaard, fagleg leiar for nettpatruljen i Sør-Vest politidistrikt.

Eit godt innlegg på sosiale medium betyr meir enn berre likarklikk for politiet.

– Det skal så ekstremt mange skulebesøk til for å printe inn eit slikt bodskap til så mange, seier Ødegaard.

Informasjonsarbeid som tidlegare har tatt eitt år å nå ut med, kan dei nå gjere på ein halv dag gjennom sosiale medium, ifølge politiet.

Og nettpatruljane i landet har vakse i popularitet. Spesielt på TikTok. Der når dei ut til den yngste målgruppa

Når ut til ein halv million på nokre timar

Nettpatruljen i Vest politidistrikt begynte på TikTok for omtrent eit år sidan. Ein av videoane har 9,8 millionar avspelingar.

Oppsøker barn på Fortnite

Fagleiar for Politiets Nettpatrulje Vest, Rune Fimreite, meiner det er viktig at politiet er til stades der innbyggarane er og ferdast.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Fagleiar i Nettpatruljen Vest, Rune Fimreite, har sett kor tidssparande sosiale medium kan vere.

– Når me er på TikTok kombinerer me å underhalde og leggje fram eit førebyggjande bodskap. Ein video kan fort bli sett mange hundre tusen gongar, eller meir. Det er det same som nesten eitt år som ein politimann eller kvinne hadde vore ute og snakka om same tema, seier Fimreite.

Han reknar på det. Ein video som har blitt vist 530.000 gongar blir til 2360 timar. Det er det same som 62 arbeidsveker.

Skjermdump av nettpatruljen sør-vest på tiktok

Nettpatruljen Sør-Vest politidistrikt på TikTok. Den mest populære videoen har blitt spelt av 1,4 millionar gongar.

Foto: skjermdump TikTok

– Viss me hadde vore ute på ein skule så kunne ein ungdom seinare ha tenkt «korleis var dette no igjen?». No kan dei sjekke det opp på mobilen. Det blir fort det same som eit årsverk, og det er ein effektiv måte å jobbe på. Det vil aldri erstatte at me er ute og møter ungdommen, men det er eit godt supplement.

Hjelp til å løyse saker

Nettpatruljane bruker mellom anna humor i sosiale medium for å trekke merksemd til sitt eiget tilbod. Til dømes hiver dei seg på ulike trendar og utfordringar som fleire på TikTok kjenner til, eller dansar i politiuniformene.

Ved å by på seg sjølv bryt dei barrierar for at publikum tar kontakt.

– Me har eit ekstremt godt potensial til å førebyggje og nå ut til folk ved å bruke sosiale medium. Me vil gjere folk kjende med oss der dei er, og ikkje berre ute på gata, seier Ødegaard.

@politisorvest

It’s friday then! What! Send oss en DM på IG (politisorvest) om det er noe #nettpatruljen #fyp #itsfriday

♬ original sound - Nettpatruljen Sør-V

I tillegg får dei inn tips og meldingar via sosiale medium. Ifølgje politiet har dei med hjelp frå publikum oppklart alt frå seksuelle overgrep til nabokranglar og råkøyring. Døgntilgjengeleg chatteteneste bidrar til det, i tillegg til at det er ein låg terskel for å sende ei melding.

Politiet har ein x-faktor

Postdoktor på institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen, Magnus Hoem Iversen, trur mykje av populariteten til politiet på sosiale medium kjem av at dei slengjer seg på trendar.

André Møskeland og Ane Øxnevad i Sør-Vest politidistrikt lagar TikTok

Nokre forsøk må til for at videoen blir perfekt.

Foto: Marie Håland / NRK

– TikTok har samla ei stor gruppe barn, og det er mykje som skjer der inne. Politiet har forstått kva som treffer der. Dei har ein x-faktor med at dei bryt ein forventning med kven dei er, og det blir eit artig forventningsbrot for publikum.

Nettpatruljane har opplevd å få mest ros for nærværet på sosiale medium, men likevel kjem det litt kritikk i blant.

– Det var nokon som spurte: «Er det dette skattepengane mine går til?». Men då vil eg svare at det er ein utruleg effektiv bruk av skattepengane. Det går fort å lage, og me når ut til utruleg mange, seier Fimreite.