NRK Meny

POLITIET HAR TATT TO ETTER BRANN:

To personar er sett i arresten i Haugesund etter ein brann i ein tomannsbustad i Karmøy i går kveld. Operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt seier til Haugesunds Avis at dei ikkje kan sjå bort frå at brannen er påsett. Dei to som er arresterte skal avhøyrast i løpet av dagen. Det var ingen personar i huset då det brann. Huset vart totalskadd.