Politiet fekk då melding frå ein tipsar på Austre Åmøy som såg eit grønt lanternelys på skjæret.
Men samstundes var politiet opptatt med ein redningsaksjon mellom Vassøy og Roaldsøy, der det og ligg eit skjær som heiter Kuppholmen, som til overmål har ein stake med grønt lys.
Dei to skjæra ligg ei nautisk mil frå kvarandre. Politiet politiet trudde derfor det var dette innringaren varsla om, og følde ikkje opp tipset.
Det er usikkert om politiet kunne ha redda livet til Berge om dei hadde følgd opp tipset.
Båten til Berge var fullt sjødyktig og hadde både straum og førsteklasses kommunikasjonsutstyr, opplyser politiet.
Han vart ikkje meldt sakna.