Hopp til innhold

Samarbeid mellom politi og barnevern

Vil ha institusjonelle akuttplassar for å få slutt på at 15-16-åringar hamnar på glattcelle.

Barnevern
Foto: Colourbox.no

Mangelen på institusjonelle akuttplassar i barnevernet på Haugalandet, gjer at ungdom for ofte hamnar på glattcelle.

Derfor skal politi og barnevern i Haugesund jobba tettare, og finna ei løysing på problemet.

I midten av desember blei ein 16-åring torturert i ei leiligheit i Haugesund.

Fleire av dei sikta i saka hadde rømt frå barneverninstitusjoner, og hamna i etterkant i politarresten.

- Uheldig

- Barnevernet har ei utfordring med dei verste problembarna. Det blir ei utfordring óg for politiet. Dette fører til at 15-16-åringar hamnar i arresten, og alle er einige i at dette er ein uheldig stad å vera, seier politmester Kaare Songstad.

Politimester Kaare Songstad

Politimester Kaare Songstad

Foto: NRK

Det er i dag ingen institusjonelle akuttplassar i barnevernet på Haugalandet. Dersom dei mest utfordrande ungdommane stikk av eller rusar seg må dei til Bergen eller Stavanger. Alternativet er arresten.

- Me har tatt opp dette med Barne-, ungdoms- og famileetaten (Bufetat) i mange år og etterlyst ein eller to slike plassar i naudsituasjonar, slik at me kan ha plassar for dei som ikkje kan vera i beredskapsheimar, seier leiar for barnevernet i Haugesund, Liv Kjersti Kvalevaag.

No skal altså politiet og barnevernet jobba saman mot dei sentrale styresmaktene, for å få institusjonelle akuttplassar.

Flere nyheter fra Rogaland