Hopp til innhold

Pensjonistopprør i Statoil

70 tidlegpensjonistar i Statoil går til søksmål mot den tidlegare arbeidsgjevaren sin.

Illustrasjonsfoto
Foto: Scanpix

Dei meiner dei ikkje får den pensjonen dei har krav på.

I 1999 ynskte Statoil å kutta ned i talet på tilsette. Då gjekk dei til eldre i selskapet og tilbaud dei ein tidlegpensjon. Det fortel advokaten til tidlegpensjonistane, Thomas Smedsvig.

- Fekk gåvepensjon

- Det var ein slags gåvepensjon som fleire aksepterte, og no er det ueinigheit om tolkinga av reguleringsklausulen i avtalen kring pensjonen, seier han.

Dei 70 saksøkarane var rundt seksti år då dei gjekk av med tidlegpensjon. Slik dei oppfatta avtalen skulle dei få ein pensjon på 66 prosent av løna si, og denne pensjonen skulle følgja lønsutviklinga i Statoil. Thomas Smedsvig seier at dette ikkje har skjedd.

- Har sakka akterut

- Dei har kome dårleg ut. Tidlegpensjonistane har sakka akterut både samanlikna med utviklinga på løn i selskapet og i samfunnet generelt. Også samanlikna med utviklinga i folketrygda sitt grunnbeløp ligg dei dårleg an, seier Smedsvig.

Statoil sin advokat, Lars Holo, stadfestar at striden står om tolkinga av avtaleteksten, men vil ikkje kommentera saka til NRK utover dette.

Skilnadar i erstatningskrava

Tidlegpensjonistane er spreidd over store delar av lønsstigen i Statoil, dermed er det store skildnader i kor mykje pengar dei meiner dei går glipp av.

- For mange dreier det seg om eit betydeleg beløp. Det kan vera ein årleg sum på 25 000 kroner, ein sum som vil auke etterkvart som etterløpet blir større, seier Smedsvig.

Fleire pensjonistar vurderer søksmål

Denne saka kjem for retten i haust, men kanskje blir det nok ei rettsak mellom Statoil-pensjonistar og selskapet. Dei ordinære pensjonistane vurderer nemleg også å gå til søksmål mot Statoil. Også i det tilfellet er det usemje om avtaleverket, og pensjonistar som meiner dei ikkje får det dei er lova.